I går kom sluttrapporten om MMM-prosjektet, som står for meistring, motivasjon og måloppnåing. Prosjektet varte frå våren 2007 til august 2009 og hjalp til med å førebyggje at elevar avbraut den vidaregåande utdanninga det første året. Det var Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune som samarbeida om dette.
Våren 2005 var det 6,8 prosent av elevane som slutta i løpet av første året på videregåande. I løpet av prosjektet sokk talet til under tre prosent våren 2009, og enda på tre prosent i juni 2009.
Det fremste førebyggjande tiltaket har vore å trekkje inn lærekandidatordninga i ungdomstrinnet. Lærekandidatordninga er sidestilt med lærlingordninga, og skal tilpasse fagopplæring til enkeltpersonar basert på individuelle føresetnader for å lære eit fag.
Dessutan har prosjektet vore med på å utvikle rutinar for å tidleg kunne identifisere potensielle bortveljarar. Særskild fokus har det vore på overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Undervisninga på begge nivå har også vore omorganisert og tilrettelagt.

