Enter the ad code for 468x60 ad spot

Ein hund etter miner

Av Abelone Eiklid Send e-post til forfatteren og Magnus Fossen Send e-post til forfatteren - Publisert: 21. desember, 2009

Den belgiske fårehunden Oda har ein viktig jobb. Ho ryddar miner i Etiopia for Norsk Folkehjelp.
langsok

Viktig jobb: På minehundsenteret har hundane lange dagar på treningsfeltet. Foto: Magnus S. Fossen

bossen

Nedim Feizic: Leiaren for minehundsenteret i Addis Abeba. Foto: Magnus S. Fossen

3000 meter over havet utanfor hovudstaden Addis Abeba, ligg Entoto Training Center. Her bur fleire titals hundar med norske namn. Dei ligg i hardtrening for å kunne rydde Etiopia for miner. Innan 2015 skal det ikkje vere ei mine att i landet. Det er målet til leiaren på senteret, Nedim Feizic.

- Arbeidet er veldig meiningsfullt. Hundane har eit enormt press på seg. Likevel har dei eit godt liv her, fortel han.

Utfordrande

Plasseringa av minehundsenteret på Entoto-høgda, er bevisst. På 3000 meters høgde blir både luft og luktar tynna ut. Trening i dette miljøet, gjer snutene svært skjerpa og hundane topptrente. Og dei norske kommandoorda, lærer dei fort å lyde.

- Søk! Seier hundetrenaren. Han har med seg Oda inn i karusellrommet. Her er det 20 beholdarar festa på armar ut frå karusellen, plassert i hundehøgde. I ein av beholdarane skjuler det segt ein liten bit med TNT. I dei andre er det plassert forskjellige ting med sterke luktar, for å gjere søket vanskelegare. Oda har ingen peiling på kvar det ho skal finne ligg – bitane ligg aldri på same plass.

Feilfritt

Den belgiske fårehunden er fullt konsentrert om arbeidsoppgåva ho har fått. Med øyra på stilk og skarp nase, går ho raskt frå beholdar til beholdar, utan å nøle. Ho tek nesten ein heil runde rundt karusellen, før ho stoppar bestemt ved beholdar nummer 18, set seg ned, og ser spent opp på trenaren.

Markerar: Oda markerar at ho har funne den riktige boksen, og ventar spent på bekreftelsen. Foto: Magnus Stedje Fossen

Markerar: Oda markerar at ho har funne den riktige boksen, og ventar spent på stadfestinga frå trenaren. Foto: Magnus S. Fossen

Hunden skjønar fort at ho har gjort ein god jobb når ei gummileike i ein tråd kjem opp frå lomma til trenaren, noko ho tydeleg set stor pris på.

- Det er veldig viktig at arbeidet blir løna med mykje leik og kos, fortel Nedim Feizic.

- Hundane er under eit enormt press under treninga her på senteret.

Ingen døde

I tillegg til karuselltrening, leitar hundane i fleire typar terreng og underlag etter sprengstoff. Også i bilar og mellom mursteinar, finn dei bitar med TNT.

Etter fullført treningsopphald, blir hundane utplassert til mellom anna grenseområda til Eritrea og Somalia for å rydde borgarkrigsminer.

- Framgangen har gått betre enn venta. Eg er veldig stolt av jobben min, og glad for at prosjektet går så bra som det gjer, fortel Feizic. Enno har ingen hundar blitt drept i arbeidet med minerydding.

Logg inn
Utgiver: Mediehøgskolen Gimlekollen serviceboks 410, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand