Enter the ad code for 468x60 ad spot

Må bruke ekstra nødsenger

Av Karoline Ueland Send e-post til forfatteren og Hannah Kolås Send e-post til forfatteren - Publisert: 11. februar, 2014

Fleire og fleire tiggarar kjem til Kristiansand, og sengeplassar er det nok av - inntil vidare.

Nødovernatting: Tiggarane i Kristiansand er særs nøgde med tilbodet i Kongensgate skule. Foto: Mathilde Stray

Frelsesarmeen

  • Kristent kyrkjesamfunn som tilbyr tenestar til mennesker i ein vanskleg situasjon
  • Blei grunnlagd av ekteparet Catherine og William Booth i London i 1865
  • Øvste leiar for Frelsesarmeen Noreg er Clive Adams
  • Frelsesarmeen i Kristiansand held til i Østre strangate 11

I det våren er i anmarsj kjem òg tiggarane til byen. Den kalde vinteren i Kristiansand har bydd på utfordringar for tiggarane, men Frelsesarmeen har opna dørene og bydd på sengeplass i vinterkulda. I kjellaren i Kongensgate skule er der åtte nødsenger til disposisjon. Alle desse er no fylte, og nær halvparten av dei 50 ekstrasengene blir óg brukt.

– Når våren står for tur, kjem fleire og fleire tiggarar til byen, seier Kari Klingsheim, diakonarbeidar ved Frelsesarmeen.

– No er vi oppe i 28 tiggarar, men fleire er på veg.

Kjellaren i Kongensgate skule blir godt brukt til dei som treng ei varm seng å sove i. For augneblinken er der nok sengeplass, men viss antalet tiggarar blir veldig høgt kan det sjå verre ut for tilbodet.

Optimistisk: Kari Klingsheim ved Frelsesarmeen. Foto: Arkiv

Sove i bilen

Duroi I. Alexandris er ein av tiggarane som er veldig glad for at Kristiansand har ei slik ordning:

– Det er veldig kaldt ute no, og viss eg ikkje hadde hatt dette tilbodet måtte eg ha sove anten i bilen min, under Vesterveibrua eller andre stader i byen, seier Duroi I. Alexandris. Han fortel at han ikkje veit kor lenge dei kan bu der, men at han håpar dei kan bli verande til det blir mildare i lufta.

Opp til politikarane

– Politikarane har sett 31.mars som ein førebels dato for tilbodet. Då skal det evaluerast blant politikarane, så får vi sjå ka som skjer vidare”, uttalar Klingsheim.

Tiggarar kjem gjerne i puljer, og Klingsheim opplyser at det kan kome 50 personar i slengen. Men slik det er no er ikkje overnattingstilbodet fylt opp, men om det blir det avhenger heilt av kor mange tiggarar som kjem utover våren.

Samlepunkt

– Stadig kjem det nye tiggarar til byen, og det er både familie og venner som samlast i Kongensgate, seier Alexandris. Nyleg kom ein venn av han frå Bolivia til byen, som er glad for at han slepp å sove ute i kulda.

Nøgd: Duroi I. Alexandris er ein av tiggarane i Kristiansand som er glad for overnattingsmoglegheita.
Foto: Vera Leigh C. Lasam-Bergtun

Kommentarer

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand