Enter the ad code for 468x60 ad spot

Kranglar om flybusstilbod

Av Hannah Kolås Send e-post til forfatteren og Karoline Ueland Send e-post til forfatteren - Publisert: 12. februar, 2014

Haga Buss og Avinor er ikkje einig i kven som har ansvaret for at flybusstilbodet i Kristiansand ikkje er betre

Få passasjerar: Haga Buss opplever at færre passasjerar enn ønska brukar tilbodet deira.

Ein undersøkelse utført av Transportøkonomisk institutt på oppdrag frå Avinor viser at passasjerane på Kjevik er blant dei dårlegaste i landet til å bruke kollektivtransport. På ein avgang med flybussen kan det vere så lite som fire passasjerar ombord. Det er sjeldan meir enn ti til tolv passasjerar i bussen. Dagleg leiar i Haga Buss, Rajinder Sing Rihal, meiner at det er Avinor sin feil at det er så mange tomme seter.

Flybuss i Kristiansand

  • Blir drive av Haga Buss Kristiansand
  • Haga Buss held til på Mjåvann industriområde
  • Rajinder Singh Rihal er dagleg leiar
  • Har tilsaman ti ansette

Feil fokus

- Istadenfor å byggje nye parkeringsplassar, så må Avinor heller satse på kollektivtrafikken, seier Rihal. Han meiner at så lenge Avinor satsar på utbygging av parkeringsplassar for privatbilar, vil folk nedprioritere kollektivtransport.

- Utviklinga på Kjevik er veldig negativ slik det er no. Avinor gjer ingenting for at fleire passasjerar skal bruke kollektivtilbodet.

På grunnlag av etterspurnad

Lufthavnsjef Thomas Langeland meiner Rihal legg skulda over på nokon andre enn seg sjølv:

Ueinig: Lufthavnsjef Thomas Langeland meiner Avinor ikkje har skulda for tomme busseter. Foto: Arkiv

- Haga Buss får moglegheit til å reklame for sitt tilbod med avgangstider og liknande på flyplassen. I tillegg så har vi informasjon på vår heimeside om flybusstilbodet. Dei som ønskjer å bli orienterte har alle ei moglegheit til å sjå kvar flybussen går frå. På toppen av det heile får Haga Buss lov til å parkere rett på utsida av flyplassen, så dei kan ikkje unngå å sjå bussen. Haga Buss får altså ei vesentleg betre eksponering enn andre offentlege transportformer, som til dømes drosje.

Opp til den enkeltreisande

Med 16 avganger til og frå Kjevik i døgnet, blir det lagt opp til at fleire passasjerar skal benytte seg av tilbodet enn det er i dag. Både Langeland og Rihal har ein mistanke om kva som gjer at parkeringsplassane blir fylt opp, og ikkje busseta:

- Det kan ha noko med å gjere at mange av passasjerane på Kjevik er frå småbygder rundt Kristiansand, eller at pendlarar ikkje opplev at flybusstidene stemmer overens med avgangane, seier Rihal.

- Haga Buss er eit eigenfinansiert selskap, og Rihal er avhengig av å drive det på kommersielt grunnlag. Vi legg til rette for både kollektivtransport og privatbilisme, men kven som foretek valet i forhold til bruk er jo den enkeltreisande, uttalar Langeland.

 

 

 

Kommentarer

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand