Enter the ad code for 468x60 ad spot

- Dyr blir ikkje teke på alvor

Av Hannah Kolås Send e-post til forfatteren - Publisert: 13. oktober, 2014

Dyrevernarar landet over krevjer eit eige dyrepoliti, men Stortingsfleirtalet seier foreløpig nei.
YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

I dag ligg dyrevelferden under Mattilsynet. Dyrevernarane har Miljøpartiet De grønne og Frp på laget i kravet om eit eige dyrepoliti.

Dei ønskjer å ha eit eige dyreverntilsyn, som skal ligge under politiet. Dette fordi det skal vere ei etterforskningsavdeling, og ikkje berre ei avdeling med tilsyn under Mattilsynet, slik det er i dag.

- Etter mitt syn er Mattilsynet eit fullstendig unødvendig mellomledd i anklager om dyremishandling. Det burde gå rett til politiet, seier dyrevernar og leiar i Dyrenes Beskytter Kristiansand, Arnfrid Robstad.

Nederland og Sverige har innført dyrepoliti. Dyrevernarane i Noreg meiner at vi burde lære av våre naboland. Dei meiner at Noreg ikkje er verdas beste land å bu i for firbeinte, men at dyrepoliti er vegen å gå.

Treng kompetente juristar

Ifølge dyrevernarane er det ein stor fordel med eit dyrepoliti som har politimyndigheit, for å kunne handtere dyrevernsaker betre.

- Det er ein stor fordel med eit eige dyrepoliti fordi ting hadde gått fortare. Det hadde blitt teke meir alvorleg, det hadde vore kompetente juristar som kunne tatt seg av sakene og ein hadde sluppe å gått vegen gjennom Mattilsynet, meiner Robstad.

- Dyr er ikkje ting

Marion Harriet Ramstad er aktiv i NOAH Kristiansand. Ho meiner at dyr ikkje blir teke på alvor av det offentlege, og at feil lovbruk berre er eitt av døma på det:

- Viss ein blir dømt for dyremishandling, blir straffelova nytta, sjølv om det er dyrevelferdslova som eigentleg skal bli nytta. Dyr er ikkje ting, uttalar Ramstad.

Ikkje eige dyrepoliti

Stortingsfleirtalet har ikkje tatt stilling til konkrete forslag om dyrepoliti. Venstre seier nei til dyrepoliti, men vil styrke Mattilsynet:

- Vi har hatt ein debatt på landsmøtet og eit vedtak som seier at vi ikkje skal jobbe for eit eige dyrepoliti, men at vi skal jobbe for eit eige tilsyn eller ein eigen avdeling under Mattilsynet, seier lokalpolitikar Eva Kvelland frå Venstre.

 

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand