Enter the ad code for 468x60 ad spot

Vil gjere dei beste endå betre

Av Karoline Ueland Send e-post til forfatteren - Publisert: 28. oktober, 2014

Landets beste syklistar skal testast i eit forskningsprosjekt, og om korleis ein skal få gode utholdenhets - og topputøvera i Noreg.

- Målet er å skaffe medaljekunnskap, slik at vi kan få fleire topputøvera i landet, fortelle prosjektleder Øystein Sylta.

Maska skapte problem

Fredag møtte Sturle Dahl, ein av byens beste syklistar, opp på fysiologi-labratoriumet på Spicheren Treningssenter for å bli testa. Sylta starta med å forklare kva testen gjekk ut på, deretter byrja oppvarminga. Då Dahl var klar for testen måtte han ta på seg ei maske som måler anden. Denne skapte problem undervegs, og mot slutten av testen måtte han ta ein pause.

- Eg får ikkje puste. Det er veldig uvant med den maska.

Sylta spør så Dahl på ein skala frå 6 til 20: Kor hardt føltes det mot slutten, og korleis var muskulaturen? Dahl svarer «18» på begge spørsmåla.

Prosjekt for syklistar

Sylta er stipendiat ved Institutt for folkehelse, idrett og ernæring ved universitetet i Agder. Forskningsprosjektet er ein del av Sylta sin doktorgrad, og er finansiert av Olympiatoppen i Oslo. Det gjennomførast i Lillehammer, Trondheim og Kristiansand, kor cirka 70-90 av landets beste syklistar skal testast. Syklistane skal følgast opp, og trenast utifrå eit opplegg som har ein varigheit på 12 veker. 

-Vi har eit breidt testbatteri som gjer at vi får mykje informasjon om utøvarane, slik kan vi hjelpe dei å bli betre, seier Sylta.

Øystein Sylta er med på eit forskningsprosjekt om å skaffe meir kunnskap om korleis ein skal få gode utholdenhets – og topputøvera i Noreg.

Testing på gang: Her er Øystein Sylta (t.h) i full gang med å teste Sturle Dahl på sykkel. Foto: Karoline Ueland.

Ikkje heilt nøgd

-Det er veldig spenannde å vere med på slike prosjekt der ein får god oppfølging og ein får tilbakemeldingar på korleis ein har utvikla seg, fortel Dahl etter endt økt.

Han var med på eit lignande prosjekt for fire år sidan, og han mener at slike prosjekt vil gjer at han kjem i god form og at han kan bli ein betre utøvar etter denne perioden.

Korleis syns du det gjekk i dag?

-Det gjekk litt dårligare enn eg hadde forventa, fordi eg fekk problem med maska, seier ein andpusten Dahl.

Sylta derimot syns Dahl presterte bra.

-Sturle er eit råskinn, han er jo ein av dei beste syklistande her lokalt. Det som han presterte i dag er veldig bra.

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand