Enter the ad code for 468x60 ad spot

Når det verkelege liv må vike for mobilen

Av Hannah Kolås Send e-post til forfatteren - Publisert: 28. oktober, 2014

Aldri før har vi levd så interaktive liv. Mobilen er blitt ein del av kvardagen vår,og tilbake i den verkelege verda sit alle som blir oversett, når mobilen alltid skal vere hovudfokus.

(Høyr heile radioreportasjen over)

- Den gongen ho klarte å gå dei første skritta, så satt sjølvsagt eg og leste nyheiter på mobilen.

Øivind Holthe opplevde å gå glipp av ein stor augneblink i livet til dottera, fordi han heller prioriterte mobilen. Holthe er forfattar og spaltist, og har skrive om korleis det føltes då dottera reagerte med strigråt etter at pappa ikkje såg hennar første skritt på stylter, til tross for at han berre satt nokre meter unna.

- Kor mange slike utropsteikn i augneblinken mistar ein i løpet av ein kvardag fordi ein er meir oppteken av å vere tilgjengjeleg, enn å vere til stades, undrar Holthe.

Tre timar kvar dag

Statistikk frå Medietilsynet viser at vi i gjennomsnitt brukar mobiltelefonen tre timar dagleg. Ivor Høy, psykoterapeut ved avdeling for rus- og avhengigheitsbehandling på Sørlandet Sjukehus, reagerar på dei høge tala:

- Det er all grunn til bekymring viss ein brukar tre timar av kvardagen sin til mobilbruk.

Avhengige av sosiale medier

Høy har behandla folk som har vore avhengige av ymse medier. Han fortel at konsekvensane kan bli store viss ein gløymer å vere til stades i det verkelege liv:

- Noko av det største problemet er at dei som er avhengige ikkje har nok ansiktskontakt. Dei føler seg isolerte, nokre av dei endar opp med depresjon og søvnforstyrringar. Mange blir apatiske ovanfor det dei elles ofte har vore særs opptekne av, som til dømes  skule, vennar og det sosiale livet.

Sjå meir rett fram, enn rett ned

Holthe meiner vi burde ha ein viktig hugseregel i bakhovudet no til dags: å ha auga meir rett fram, istadenfor rett ned på mobilen.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand