Journaliststudent blir ny leiar av Velferdstinget

Onsdag åttande februar skulle det instillast ny leiar av Velferdstinget i Agder, og for fyrste gong kjem leiaren frå NLA Mediehøgskulen.

AU: På bildet er arbeidsutvalet representert av (f.v.) Katarina Lovær Solvang, Rebekka Ødegaard Blom, Roy Skjæveland (leder), Mari Nilsen Hallerud og konsulent Lars Martin Bogen. (foto: Velferdstingets pressemelding.)

Tidligare har leiar for Studentorganisasjonen i Agder, Kai Steffen Østensen, også hatt vervet som leiar i Velferdstinget, men vert no avløyst av Roy Skjæveland. Den nye leiaren studerar fyrste året journalistikk på mediehøgskulen NLA Gimlekollen. Skjæveland vart i august stemt inn som studentrådsleiar for NLA Gimlekollen, noko som også førte han inn i arbeidsutvalet. Med sin nye jobb som velferdstingets leiar vert han også leiar for arbeidsutvalet, ein jobb som i år fylgjer med ei 40% stilling.

– Vervet som leiar for Velferdstinget vert annleis i år, no er det ei 40% betalt stilling, i tillegg til at stillinga er meir omfattande enn før. Det vert nok å gjere, smilar den nyinnsatte leiaren, Roy Skjæveland.

For Skjæveland er svært entusiastisk over den nye jobben sin og gler seg til å ta fatt på oppgåvene som ligg foran han:
– Allereie neste veke skal eg i eit møte for å forhandle prisar for studentane, det er mykje som kan endrast på, seier Skjæveland lurt, utan at han vil utdjupe kven han skal i møte med.

I pressemeldinga til Velferdstinget seier Skjæveland følgjande:

– Det er inga tvil om at det siste året har blitt brukt til å byggje opp ein organisasjon som har vore nede med knekt rygg. No er mitt mål saman med eit nyveld arbeidsutval å ta Velferdstinget ut til våre samarbeidspartnarar. På den måten skal vi sikra at studentstemma vert enda tydeligare.

I tillegg til å verte leiar for VT i agder, sit Skjæveland no i Velferdstinget nasjonalt, med representantar frå Bergen, Oslo, Trondheim og Stavanger.

– Det er veldig motiverande og givande å kunne diskutere saker nasjonalt, i tillegg til regionalt. Her samanliknar vi tilboda på tvers av studentorganisasjonane, med den informasjonen kan eg jobbe for at Agder skal bli den beste plassen i Norge å være student, seier Skjæveland sjølvsikkert.