Enter the ad code for 468x60 ad spot

I fjor mista han faren til kreft – No satsar Johannes alt for pappa

Av Andreas Hopen Send e-post til forfatteren - Publisert: 16. februar, 2017

I fjor mista Johannes Jåsund sitt største førebilete til kreften. No går han "all inn" på handballbana. - Pappa ville at eg skulle halde på med det som gjer meg glad

Johannes er oppvaksen i ein aktiv familie på Tananger i Rogaland. Familien hadde aktive feriar, med fjell- og sykkelturar, gjerne med ein konkurranse mellom far og son. Pappa Jostein Jåsund spelte handball på toppnivå på slutten av 80- og starten av 90-talet. Han spelte på Stavanger IF og vann cupgull med Viking.På starten av 1990-talet trappa Jostein Jåsund ned, og spelte på Havørn til langt ut på 2000-talet, samtidig som sonen Johannes gjekk gradene i same klubb. For familien -og spesielt pappa Jostein har alltid vore med 20-år gamle Johannes, både på og utanfor bana. Då Johannes meldte overgang til Sola sitt juniorlag var pappa, og trenar Jostein Jåsund med. Her danna han trenarteam med sin tidlegare lagkamerat Kjetil Ellertsen.

Far og son Jåsund brukte mykje tid med kvarandre, som far og son, og som trenar og spelar. Difor var beskjeden som kom i 2012 frykteleg tung å bære. For då kom beskjeden om at Jostein Jåsund hadde fått kreft i tarmen. Samtidig som den kreftsjuke 42-åringen vart operert spelte sonen kvalifiseringskamp i Bergen. Hans dårlegaste kamp nokonsinne, i følgje han sjølv. Dei neste åra vart faren til Johannes dårlegare, og det vart fleire tura på sjukehuset, fleire omgangar med cellegift og undersøkingar. Samtidig signerte Johannes for den same klubben som faren hadde spelt for 20 år tidlegare, Viking Håndball. Han gjekk i pappas fotspor.

Vart skjerma av familien

De to brødrene i studio med pappa Jostein. (foto: Model lab)

Etter to år i Viking flytta Johannes i 2015 til Kristiansand for å studere idrett. Med på flyttelasset kom handballen, og ein overgang til KIF på nivå to. Medan Johannes tilpassa seg ein ny by, og fekk nye vener, kjempa pappa ein kamp om livet, heime på Tananger. Men til trass for at faren vart dårlegare, viste han aldri svakhetsteikn, i hvertfall ikkje ovanfor sin yngste son. Dei siste månadane vart faren dårlegare, og Johannes reiste heim så ofte som råd, kvar gang det vart litt lettare på studiet, kvar gang det var mogleg å reise frå KIF, gjekk turen heim til familien. Heime var faren dårleg, utan at Johannes alltid fekk vite det.

- Når eg reiste heim verka det som alt var fint, og dei heime bestemte seg for å ikkje alltid informere meg om korleis det gjekk med pappa medan eg var i Kristiansand. Dette gjorde dei for å skåne meg. Eg måtte på ein snøhuletur og ein skitur, der eg ikkje visste om pappa fortsatt var i live når eg kom heim, fortel Johannes.

- I ettertid set eg pris på måten dei gjorde det på, slik at eg slapp å tenke så mykje på det når eg var her nede. Det gjorde at året gjekk fint for meg, medan dei heime nok ikkje hadde det like bra. Eg er evig takksamd for måten mamma og pappa gjorde det på, held han fram.

Johannes heldt sjukdommen til faren for seg sjølv, men lagkamerat i KIF, Sindre Rosseland, vart ein viktig samtalepartner:

HØGTFLYGANDE: Johannes Jåsund går ofte inn frå sin venstrekanten, der han går for distanseskot. (foto: Andreas Hopen)

- Sindre var ein god støttespelar, og fekk snakka mykje med han. Det var eigentleg greit at ikkje alle visste det, for viss eg skulle prata med alle om sjukdommen, så hadde det nok blitt litt mykje, held Johannes fram.

For Rosseland kom beskjeden om Jostein Jåsunds sjukdom brått på:

- Det kom som eit sjokk. Vi hadde ikkje kjent Johannes så lenge, då han kom til Kristiansand den hausten. Heldigvis fekk Johannes reist ein del heim før faren gjekk bort, og eg trur han fekk bearbeida mykje i den perioden, seier Rosseland.

I April 2016 sovna Jostein Jåsund inn, etter å ha hatt sonen ved si side til siste stund.

- Det tok lang tid før sjukdommen hans gjekk inn på meg, det var nok fordi han aldri viste svakheitsteikn. Ikkje før han låg på lindrande behandling forstod eg at han skulle døy.

Tilbake i Kristiansand tok Johannes eit val, om å la faren leve vidare gjennom handballen.

– Pappa ville at eg skulle halde på med det som gjorde meg glad, seier Jåsund bestemt.

Og det at han spela for faren har vist seg på handballbana:

- Det at han spela for faren, er veldig sterkt. Og det gir han en ekstra dimensjon, at han spela for meir enn seg sjølv, seier Rosseland.

 

Vil bli utanlandsproff

Venstrekanten har bestemt seg for å satse fullt ut på handballen, medan han studerar til ein bachelor i Idrett.

- Eg måtte nesten berre ta sjansen i 1. divisjon, no er planen å ta ein bachelor her, før det blir fysioterapi og handball i Danmark, forklarar den ambisiøse 20-åringen.

Og på spørsmålet om kva han vil med handballen, oppjustera han målet etterkvart:

- Eg vil kunne leve av handballen ein periode, i løpet av nokon år vil eg opp i eliteserien, og så gjerne vidare ut i Europa, seier han, meir og meir sjølvsikkert.

Og med seg på turen har han pappa Jostein. Ikkje i eigen person, men i sinn, og med ei tatovering som skal symbolisere hans syn på faren.

- Eg synes ei majestetisk, snill og sterk løve passa fint. Løva har to forskjellige auge, det er fordi pappa skada auget i ei paraglidingulykke, seier Jåsund.

LØVE: Tatoveringa til Johannes symbolisere synet hans på sin avdøde far.  Foto: Privat

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå videoreportasje med Johannes her:

YouTube sitt forhåndsvisningsbilde
Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand