Enter the ad code for 468x60 ad spot

- Det bør være fullsett på fotballens festdag

Av Andreas Hopen Send e-post til forfatteren - Publisert: 15. mai, 2017

Sist Start spelte 16-mai kamp vitja over 8 500 tilskodarar Sør Arena. Direktør Even Brandsdal meinar at det bør være fullsatt på fotballens festdag.

Salet har gått bra for Start så langt. Start-direktør Even Brandsdal tykkjer det burde være fullt på fotballens festdag. Foto: Andreas Hopen

Start sitt publikumssnitt er det lågaste sidan 2003. 3278 har i snitt tatt turen for å sjå Start spele i OBOS-ligaen, men i morgon er det fotballens festdag, ein dag det ofte er meir publikum enn vanleg. Sist det vart spelt 16. mai kamp på Sør Arena var i 2012 mot Vålerenga, ein kamp som enda 2-2 foran 8 555 tilskodarar. Start-direktør Even Brandsdal håpa at årets toppkamp kan lokke sørlendingane til stadion:

Burde vore fullsatt

- Vi er veldig spente på å sjå kor mange som kjem. Det har blitt selt godt i helga, og så veit vi at dei fleste billettane vert selde på kampdag. Vi kjempar i toppen av OBOS-ligaen og møter Sandnes Ulf som gjere det samme. Då meinar eg at det burde vore fullsett på fotballens festdag, seier Brandsdal som også trur at kampanjen Start har gåande har hjulpe på salet. For no kan ein kjøpe eit mini-sesongkort, dette inkluderar kampen mot Sandnes Ulf, i tillegg til lokaloppgjera mot Arendal og Jerv. Start har ikkje klare tal på kor mange billettar som er selde, men klubben skal allereie ha selt fleire billettar enn til kampen mot Åsane, då det kom drygt 2900 tilskodarar.

Har hatt fokus på det offensive

Espen Børufsen scora to mål i førre heimekamp mot Ull/Kisa, ein prestasjon han gjentok i påførande kamp mot Florø. Sist nokon gjorde det for Start, var Ole Martin Årst i 2010.

- Korleis eg har fått til det? Det er eit godt spørsmål, seier Børufsen lattermildt.

- Det har løsna skikkeleg i år. Tidlegare har eg skapt ein del sjansar, utan å få uttellinga eg har ynskja. No har det løsna, og då er det artig å spele.

På mandagens trening var det fokus på avslutning etter innlegg, etter to sesongar med lite mål i riktig ende har Start trent ekstra på det offensive før årets sesong.

- Både eg, og dei andre offensive spelarane har trent ein del på det offensive, og på å få inn måten vi ville spele på. I fjor klarte vi ikkje å skape trøkk foran mål, noko vi ville lukkast med i år, fortel formspelaren.

To så tunge sesongar som Start har vore gjennom merkast på miljøet, men etter den gode sesongstarten i årets sesong har pipa fått ein anna lyd.

Espen Børufsen er Start sin klare formspelar. No håpar kantspelaren på fleire mål, og tre nye poeng mot tysdagens motstandar Sandnes Ulf. Foto: Andreas Hopen

- Det er ikkje å legge skjul på at det har vore to blytunge år, og det går inn på oss. Heldigvis er det ikkje så mykje som skal til for å få smilet på plass igjen hos oss, held Børufsen fram.

Då meinar eg at det burde vore fullsett på fotballens festdag

16. Mai skapar det lille ekstra

No ventar Sandnes Ulf, eit lag som har vist seg vanskeleg å slå i årets sesong. Sist lørdag toppa dei sesongen så langt med ein overbevisande tremålssiger mot oppykksfavoritt Bodø/Glimt. Sjølv om Sandnes er eit tøft lag å møte, er Børufsen  klar på at dei ikkje vil tilpasse spelestilen sin mot Ulf.

- Vi må berre fortsette med den trøkken vi har hatt dei siste kampane. Vi har levert på eit høgt nivå, og scora mykje mål. Spelar vi på vårt beste så slår vi Ulf, og så skal eg gjere alt i mi makt for å fortsette scoringsformen, seier Børufsen som langt på veg gir målgaranti på fotballens festdag.

Steinar Pedersen gnir seg i hendene etter ein god sesongstart. No gler han seg til å ta i mot Sandnes Ulf på 16. Mai. Foto: Andreas Hopen

Steinar Pedersen synest ikkje den komande kampen er noko viktigare enn resten, men er klar på at kampar på 16. mai har ein del å seie for alt rundt.

- Det er alltid viktig å vinne, det er ikkje noko spesielt sånn sett. Likevel skapar ramma rundt kampane på 16. mai det lille ekstra, og vi håpar at det kjem mykje folk på stadion. Eg håpar det vert ein underhaldande kamp, og så skal vi fortsette å kjempe hardt som vi alltid gjere, seier trenaren.

 

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand