Enter the ad code for 468x60 ad spot

- Dette var heilt magisk

Av Andreas Hopen Send e-post til forfatteren - Publisert: 19. mai, 2017

Sanne Bak Pedersen har vore med på Viperseventyret sidan 2011, og to år seinare fekk ho besøk av islandske Thorey Stefansdottir. No har begge spelt sin siste kamp i Aquarama, og for ei avslutning det vart.

Etter kampen var det mykje kjensler i sving for fleire av spelarane. Blant dei var Thorey Stefansdottir og Sanne Bak Pedersen som begge forlet klubben etter sesongen. Bak Pedersen er den spelaren som har vore i Vipers lengst av spelarane, og då vart det ei umogleg oppgåve å halde tårene tilbake.

Tårevått: Sanne Bak Pedersen var tydeleg emosjonell etter kampen mot Larvik. Foto: Andreas Hopen

- Dette var heilt magisk. Stemninga i hallen og innsatsen til laget.  At vi slår Larvik to gonger på rad visar stega vi har tatt. Når vi slår dei to gonger på rad kan ein sjå at det ikkje var tilfeldig, seier ein gråtkvalt Sanne Bak Pedersen som skal spele for Grane Arendal neste sesong.

Dansken er klar på at leiinga ikkje er noko å tenke på inn mot bortekampen fyrstkomande søndag.

- Vi vann berre med eit mål, og det er jo ingenting. Vi må ta skalpen borte også om vi skal greie det her, seier kantspelaren som anser seg sjølv som sørlending etter mange år i Kristiansand.

Les også: Taktisk justering sendte Aquarama til himmels.

Thorey Stefansdottir tok i mot hyllesten frå publikum. Etter fire år i klubben reiser kantspelaren heim til Island. Foto: Andreas Hopen

Også Thorey Stefansdottir vart takka av etter kampen. Islendingen kom til Vipers i 2013 og har no bestemt seg for å reise heim til neste år, også ho måtte ta til tårene då publikum reiste seg for å hylle lang og tru teneste.

- Eg hadde gåsehud gjennom kampen. Trøkket, publikum, ja alt eigentleg. Eg har aldri vore med på noko liknande. Det er trist at det no er over, men samstundes er det artig å få avslutte med slik trøkk, stemning og med ein siger mot Larvik, sa Stefansdottir til Fædrelandsvennen etter kampen.
Kantspelaren har tidlegare spelt for klubbar som Oldenburg og Team Tvis Holstebro, men ho er klar på at kampen mot Larvik var det største ho har fått opplevd i ein handballhall:
- Det her toppar alt, absolutt alt. Eg veit ikkje korleis det ender til slutt, men å snu det i dag, det var fantastisk, avsluttar 27-åringen.  

Les også: No er Vipers klare

 

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand