– Dette er eit gigantisk prosjekt for «fiffen»!

    Det har vore harde frontar i debatten kring «kunstsiloen» i Kristiansand. No ynskjer Vidar Kleppe at Søgne og Songdalen skal få avgjere om «kunstsilo»-prosjektet skal realiserast.

    Vidar Kleppe, bystyrerepresentant for Demokratane i Kristiansand, retta i går kveld interpellasjonsspørsmål for bystyret i Kristiansand om folkerøysting i Søgne og Songdalen om «kunstsiloen». Dette vart nedstemt av bystyret. Kleppe meinar at Søgne og Songdalen bør få vere med å bestemme, og at ein helst bør finne ein alternativ plass å huse kunsten til milliardæren Nicolai Tangen.

    – Dette er jo eit gigantisk prosjekt for «fiffen», som kjem på minimum 530 millionar kroner. Det vert uhørt om Kristiansand kommune skal løyve over 50 millionar i første omgang pluss årlige driftskostnadar, utan å diskutere det med dei vi skal slå oss saman med. Eg ynskjer ein brei diskusjon rundt dette, seier Kleppe.

    Veldig risikofylt

    Kleppe hevdar at ein ikkje kan garantere at dei tunge investeringane ikkje kjem til å gå utover Søgne og Songdalen.

    – Det er klart at å dekke inn ein slik kostnad kjem til å gå ut over barn og unge, idrett og ikkje minst kunst og kultur i Søgne og Songdalen. Derfor er det viktig at vi får ein brei diskusjon i «K3» på om vi skal bruke så mykje av fellesskapet sine midlar på kunstsiloen.

    Kleppe påstår at det er stor fare for at 530 millionar ikkje er nok, og hevdar at politikarane gamblar med befolkninga sin velferd.

    – Som tidlegare leiar for kontrollutvalet i to periodar i Kristiansand ser eg med skrekk og gru viss dette prosjektet går i gjennom med overskridingar. Dette er veldig risikofylt, og kjem utan tvil til å gå utover andre lovpålagte oppgåver.

    Nokon må ta kostnadane

    Ordførar i Songdalen, Johnny Greibesland, er kritisk til beløpet som vert løyvd. Han fortel at han ikkje er motstandar av å løyve pengar til siloen, men at han synest at 50 millionar kroner er mykje pengar. Greibesland seier at han deler Vidar Kleppe si bekymring for velferdstilbodet i Søgne og Songdalen.

    – Tala er så usikre at om dei sprekk på grunn av at besøkstala vert mykje lågare og investeringa vert mykje høgare, så må nokon ta kostnadane, og skulle det gå veldig gale kan det få konsekvensar for andre aktivitetar.

    «Det offentlege tar eit alt for stort ansvar – det burde blitt reist meir privat kapital»

    Ordføraren meinar at det burde vore gjort ein grundigare jobb i forkant.

    – Eg synest at det er alt for stor usikkerheit rundt besøkstal og investeringsbehov for den nye siloen, og eg meinar at det burde vore gjort eit mykje grundigare arbeid for å få sikre og gode tal.

    Søgne-ordførar Astrid Hilde ynskja ikkje å kommentere saka.

    Ingen grunn til bekymring

    Varaordførar i Kristiansand kommune, Jørgen Kristiansen, seier at han tvilar sterkt på at ei investering på 50 millionar kroner skal kunne gå ut over driftstilbodet til innbyggjarane i kommunen. Han påpeikar at Kristiansand har ein god likviditet, og ein elles velfungerande økonomi.

    Kristiansen seier at Greibesland er feilinformert, og oppmodar Søgne og Songdalen til å gå i seg sjølv.

    – Eg hadde vore meir bekymra for andre investeringar enn akkurat «kunstsiloen». Vi veit at Søgne har ynskja å bygge ting som kostar meir enn 50 millionar. Eg trur at det er mangel på informasjon som er grunnen til at slike utalingar kjem.

    Kristiansen ynskjer likevel å ha ein raus dialog med naboane i vest.

    – Samstundes skal vi vere lydhøyre og rause i møte med at det kan vere bekymringar, og prøve å adressere dei så godt som vi kan.

    «Ein gåvepakke til kommunen»

    Varaordføraren fortel at han har lite forståing for alt bråket som har vore rundt silo-prosjektet.

    – Ein liten hall som Gimlehallen kosta 50 millionar å pusse opp, og her slepp vi unna med å pusse opp heile den store siloen for 50 millionar. Så eg synest at det er ei gåvepakke på fleire vis til kommunen.

    «Det er ikkje dei store summane det er snakk om»

    NB! Sjå Jørgen Kristiansen og SKMU-direktør Reidar Fuglestad fortelle om «kunstsilo-prosjektet nederst i saka.

    Sjampanje-krangel

    Vidare hevdar han at «kunstsilo»-prosjektet er ei gåve til «fiffen» på Sørlandet.

    – Vi vil bruke pengane på eit breidare kulturtilbod enn kva «fiffen» vil. , og rykta går om at dei allereie har bestilt inn ein skikkelig årgang sjampanje til opninga av siloen i 2021.

    «Dei vil gå der med kanapeane og sjampanjeglasa sine og kose seg»

    Jørgen Kristiansen reagerer sterkt på sjampanje-utalingane til Vidar Kleppe. Han seier at påstandane til Kleppe er berre tull, og at det ikkje er kjøpt inn noko dyr sjampanje.

    – Det er merkeleg at det går ann å hoste opp noko sånt, og eg synest at det er uprofesjonelt av Kleppe å kome med slike utalingar.

    Varaordføraren seier at Reidar Fuglestad, direktør for Sørlandet Kunstmuseum, brukte eit retorisk grep om sjampanje, og at Vidar Kleppe har tatt dette ut av kontekst.

    – Påstandane til Kleppe har blitt tilbakevist for to veker sidan, så at Kleppe fortsetter å snakke om sjampanje synest eg nesten er litt pinlig.

    NB! Sjå eiga sak om «kunstsiloen» nedanfor.