Dennis Antwi klar for ny klubb

Det har lenge vore klart at Dennis Antwi er ferdig i Start. Angriperen har ikkje vore på bana etter sommaren i fjor, og Mark Dempsey uttalte tidlegare i vinter at spissen fritt kunne forlate klubben. No har ghanesaren funne ny klubb.

Her er Dennis Antwi frå då han vart matchvinnar 16. mai i fjor. No skal han truleg møte gamleklubben Jerv for Åsane. Foto: Andreas Hopen

Dennis Antwi imponerte stort under Steinar Pedersen i Jerv i 2015-sesongen. Ghanesaren slo deretter følgje med trenaren til Start sommaren 2016. I Kristiansand vart det alt anna enn ei suksessoppskrift. Etter ein og ein halv sesong i klubben er det no klart; Antwi forlèt Sør Arena. FVN kunne i dag melde at ghaneseren er klar for 1. divisjonsklubben Åsane, og tidlegare Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

 

Les også:

Jervs midtbanejuvel nærmar seg Start