Faten: Vi må tore å snakka om det som er framand for oss

Faten Al-Hussaini var på Sørlandet denne veka der ho fortalte om førebygging av radikalisering og ekstremisme. Oppfordringa var klar: «Folk må tore å stille nokre galne spørsmål!»

Faten som mange kjenner frå NRK serien «Faten tar valget» har vore på Sørlandet denne veka kor ho har talt om ekstremisme. Faten seier sjølv at ho har hatt erfaring med ekstremisme.

– Eg har min kompetanse i dag, og det er at eg har vore radikalisert før.

Sørlendingar er bare hyggelige!

Faten sitter igjen med et positivt inntrykk av sørlendingane.

– Eg får alltid høre at sørlendingar er de kulaste og hyggelegaste å prate med. Eg blir alltid godt mottatt av dei, sørlendingar er kule dei.

Faten meiner at nordmenn kan vera litt konfliktsky, men at dei ikkje må vere redd for å stille galne spørsmål.

Inkludering

Faten seier at alle har eit ansvar, og kan gjere noko for å førebygge ekstremisme.

– For å inkludere andre menneske må vi tore å fjerne våre fordommar, vi må tore å snakka om det som er framand for oss, kjenner du ikkje til noko prøv å finn ut av det, har du fordommar mot nokon prøv å fjern det med å snakka med den det gjelder. Viss vi klarer det vil ingen kjenna seg utanfor, og viss ingen føler seg utanfor så trenger ingen å gå den vegen å bli ekstremister.

Det er ikkje kun etnisk norske nordmenn som må endre haldningane sine, seier Faten.

– Eg har vært en del på vaksenopplæring og der er det en del diskusjonar som dukkar opp. Eg blei fortalt på vaksenopplæringa at eg ikkje kan gå med bukser, sidan eg er muslim. Det er fleire som meiner noko om kva ein kan gjere og ikkje gjere som kvinneleg muslim.

Faten vitja vaksenopplæringa i Arendal på tysdag denne veka, medan ho på onsdag var på Arkivet freds- og menneskerettighetssenter. Torsdag morgon tok ho turen til Kongsgård skulesenter kor ho talte for 200 elever. Ho avslutta sitt opphald på Sørlandet med eit seminar på Kilden Teater og Konserthus torsdag formiddag.