Slo etter sin redningsman

I går sto ein mann i tjueåra tiltalt for vald mot ein offentlig tenestemann i Kristiansand tingrett. Tiltalte erkjente straffskyld, i retten valde han å forklare kvifor han handla slik han gjorde.

Aktor Sakar Hamawand las opp tiltalen, som omhandla to saker. Første punkt i tiltalen omhandla eit forhold kor tiltalte angivelig beit og spytta etter ein politibetjent, etter å ha blitt berga frå sjøen. Den andre hendinga i tiltalen dreidde seg om ei hending kor tiltalte oppsøkte ein situasjon kor politiet arbeidde, og etter gjentekne beskjeder nekta å trekke seg unna.

Tiltalte erkjente straffskuld, og gav fleire gonger i retten utrykk for anger. Han forklarte i retten at han var i ein svært depressiv periode då desse hendingane tok stad.

-Eg var langt nede denne perioden, og eg valde derfor å hoppe på sjøen, då eg vart       berga, ynskte eg berre å avslutta det eg hadde påbegynt. No i ettertid er eg svært takksam for den jobben politiet gjorde, forklarer den tiltalte mannen i tjueåra åra for retten.

Den andre hendinga i tiltalen, hevda tiltalte skjedde fordi han ynskte å bli stoppa frå å gjere noko dumt. Sjølv definerte tiltalte seg som sterkt berusa.

-Eg var redd for at eg kom til å gjere noko dumt om eg vart verande aleine heime den kvelden. Derfor hadde eg bestemt meg for å verte arrestert slik at eg då forhindra det.

Aktor fann dette underlig, og spurte kvifor han då haldt fram med å motstå arrestasjon. Tiltalte forklarte for retten at han ikkje hadde noko godt svar på det.

I retten hevdar tiltalte at han har tatt grep for å hindre å komme i slike situasjonar igjen.

-Eg har slutta å drikka like mykje som før, og satt ei øvre grense for kor mykje eg drikk når eg er ute med venner. For å få det som har vore på avstand har eg valt å flytta og starta i ny jobb.

Fordi tiltalte no befinn seg i ein anna landsdel, var tiltalte til stede i retten over stream.

Aktor la ned påstand om 21 dagar med samfunnsstraff. Til sørnett.no forklarer Hamawand at det vanlige er å be om ubetinga fengsel, men at tiltalte har vist betring og at ein difor ber om samfunnsstraff.