Gjorde skadar for over to millionar kroner med smørsyre

I følgje Fædrelandsvennen er ein 53 år gamal mann dømd til ubetinga fengsel i ti månadar for grovt skadeverk og drapstrugslar.

I januar i år skal mannen ha teke seg inn på ein bilverksad han tidlegare arbeida på og påført lokalet store skadar ved å sprøyte det ned med smørsyre/butangass. Til samen gjorde mannen skade for over to millionar kroner på inventar, utstyr og bilar. Dette skal mannen ha planlagt i fleire veker, og kjøpt inn syre via internett.

Mannen skal ha sagt til sin tidlegare arbeidsgivar at han burde ha drepe han, og skal også ha fortalt ei rekke personar at han planla å drepe vedkomande.

Aust Agder tingrett dømde mannen til ubetinga fengsel i 10 månadar for grovt skadeverk og drapstrugslar, i tillegg til ulovleg oppbevaring av ein pistol.