”Jenta på brua” tiltalt for drapet på Sørlandssenteret

I følgje Fædrelandsvennen er 16-åringen som drepte 17 år gamle Marie Skuland og skada ei 23 år gammal kvinne på Sørlandssenteret tiltalt for drap, drapsforsøk, skadeverk og trugsmål.

I tillegg til drapet på Marie Skuland og drapsforsøket på 23-åringen på Sørlandssenteret inneheld tiltalen to hendingar som har skjedd i fengselet. I september kasta ho ein stol mot ein fengselsbetjent i Bjørgvin fengsel utanfor Bergen, og i januar år skal jenta ha trua med å drepe ein betjent i det same fengselet.

Sakkyndige psykiatrar har undersøkt jenta og konkludert med at ho er strafferettsleg tilrekneleg i gjerningsaugeblikket.

Rettsaka mot jenta startar 4 juni i Kristiansand tingrett, og det er sett av åtte dagar.