Enter the ad code for 468x60 ad spot

Eli Rygg og orføraren skal spreie glede

Av Abelone Eiklid Send e-post til forfatteren - Publisert: 9. oktober, 2009

- Litt livsvisdom frå andre kan gi trøst, forståing og kanskje ein utveg, seier Lise Kristiansen, nestleiar i Mental Helse Kristiansand.
Gullkorn: - I eitkvart møte med medmenneske er det noko å hente, meiner Lise Kristiansen. Sundag blir det ein masse gullkorn å ta med seg frå Domkirka i Kristiansand.

Gullkorn: - I eitkvart møte med medmenneske er det noko å hente, meiner Lise Kristiansen. Sundag blir det ein masse gullkorn å ta med seg frå Domkirka i Kristiansand.

Sundag blir verdsdagen for psykisk helse markert i Domkirka i Kristiansand, og Lise Kristiansen sit i arrangementskomitéen.

- Kvifor er det viktig å ha ein slik markering?

- Psykisk helse-feltet er veldig tabubelagt. Me prøver å synleggjere at mentale lidingar kan ramme dei aller fleste av oss, forklarar Lise Karlsen.

Ordførar Per Sigurd Sørensen står for opninga i Domkirka. Det blir musikalske innslag, og Eli Rygg er blant dei som kjem for å belyse temaet. Ho skal prate om mestring i livets overgangsfaser.

- Vi vil bringe glede inn i kvardagen til folk, både med musikalske innslag og med kloke ord frå menneske som har levd eit liv. Eli Rygg har hatt eit liv prega av mange overgangsfaser. Ho sit inne med livserfaring det kan vere god å lytte til, seier Kristiansen.

Livet er som regel ikkje ein dans på roser. Det kan skje uforutsette ting, ein møter på hindringar, og det går ikkje alltid slik ein hadde tenkt. Gjennom å høyre om andre sine erfaringar, og at dei har kome gjennom det, ser ein at ein ikkje treng å havne heilt nede i kjellaren, trur Lise Kristiansen.

800 000 menneske i Norge vil i løpet av livet få ein eller annan form for psykisk liding. 60 000 blir alvorleg psykisk sjuke.

- Er det mange som slit?

- Ja, bruken av til dømes berolegande medikament er stor. Mange lid av depresjon og angst, og leiter etter glede. Markeringa på sundag er god mat for sjelen, meiner Kristiansen. Samlinga i Domkirka vil føre til ein god følelse inni ein, trur ho.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand