Arrangementansvarleg for Kvinnekonferansen inntok studio

Sørnett Radio fekk arrangementansvarleg for kvinnekonferansen, Helene Nesse på besøk torsdag føremiddag. Der vi fekk høyre meir om den kommande helga si store hending.

Helene Nesse og programleder Maren Johnsen

 

Arrangementansvarleg og styremedlem i studentorganisasjonen Start UIA, Helene Nesse gjesta Menyen si sending torsdag føremiddag. Der fortalde ho om korleis førebuingane til konferansen har vore, framtidsplanar og kva ein kan vente seg dersom ein gjestar arrangementet. Kvinnekonferansen er ein konferanse for kvinnelige studentar som skal bli inspirert og motivert til å starte sitt eige firma og ikkje være redd for å ta styringa.

Start UIA har arrangert noko som heite Kvinnemiddagen to år på rad, men det blei ikkje arrangert i fjor. No har dei vidareutvikla konseptet og døypt det for Kvinnekonferansen, der dei har tilføyd nye element til konferansen.

 

Høyr heile intervjuet med arrangementansvarleg Helene Nesse her: