Enter the ad code for 468x60 ad spot

Behov for større plass ved UiA – snart kjem det fleire studentar

Av Jørgen Lie Kjøndal Send e-post til forfatteren - Publisert: 10. oktober, 2012

Studentane ved Universitetet i Agder tykkjer ikkje at skulen deira skal ta inn fleire studentar utan å bygge ut. Universitetsdirektøren varslar auke i kapasiteten, men det vert ikkje bygd noko med det første.

Leiga, ikkje bygga
Måndag ettermiddag kom det fram i statsbudsjettet at Universitetet i Agder får 165 nye studieplassar i 2013. Dette kan verke som ein drope i havet når ein veit at det går rundt 9000 studentar på UiA, men arealbehovet er like fullt til stades.
Universitetsdirektør Tor A. Aagedal er samd i at dei treng større plass, men seier at det ikkje vert bygga noko nytt med det første.
- Me har eit par avtalar angåande å leige rom for å få plass til studentane. Sjølv om det finst planar om utbygging, som òg er godkjende, så er dette noko me må kome tilbake til. No vert det difor ikkje bygd noko nytt, delvis sidan me får leige rom og delvis sidan det er byggeprosjekt i sving ved Campus Grimstad, seier universitetsdirektøren.

– Ikkje ta inn fleire enn det er plass til, oppmodar Cristhine Endrerud og Johanne Drivarbekk ved UiA. (Bilete: Jørgen Lie Kjøndal)

- Treng ikkje fleire
Blant studentane ved UiA er det sterke meiningar om saka. Cristhine Endrerud og Johanne Drivarbekk meiner at fellesarealet på UiA er lite nok frå før, og at skulen vil merke 165 nye studieplassar.
- Det er eit stort nok problem med å få grupperom eller plass i kantina slik som det er no. Fleire studentar vil ikkje gjera dette betre. Grupperom har tidlegare blitt gjort om til kontor, og det verkar ikkje som om plassmangelen vert prioritert. Dette er ikkje godt nok, og skulen må bli strengare angåande booking av rom. Det må rett og slett gjerast meir for å få betre plass, meiner dei to studentane.

Arbeider for betre vilkår
Sjølv om det ikkje vert bygga ut på universitetet med det første, kan Aagedal love at dei gjer alt for å auke kapasiteten, spesielt i eksamensperiodane.
- Det skal bli betre ja. Me har starta med eit nytt bookingsystem på grupperomma, som har fungert bra hittil. Det er eit steg i riktig retning. Elles må eg berre be studentane om å følgje dette bookingsystemet, så skal me prøve å gje dei betre vilkår året rundt, avsluttar universitetsdirektøren.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand