Enter the ad code for 468x60 ad spot

Siste finpuss før konkurransen

Av Torstein Lund Eik Send e-post til forfatteren - Publisert: 30. oktober, 2012

Mykje skal klaffe når mange spelar saman. Måndag kveld la Agder Brass Band siste hand på verket før helgas konkurranse - Siddis Brass.
YouTube sitt forhåndsvisningsbilde

Siddis Brass blir av mange kalla eit uoffisielt noregsmeisterskap i underhaldning for brass band, og går i år av stabelen for 29. gong i Stavanger Konserthus. For mange korps er dette høgdepunktet i året.

Agder Brass Band spelar i 2. divisjon i konkurransen, og skal framføre stykket «Windows of the World» av Peter Graham.

Korpset hadde tidlegare i vår ein konsert saman med songar Marte Wulff, der dei spelte det same stykket. Medlemmane i korpset ynskja sterkt å spele dette i konkurransen, men sjølv om korpset har god kjennskap til stykket frå tidlegare av, så er det fortsatt eit utfordrande stykke skal vi tru dirigent Åsmund Gjære:

Stykket består av så mange forskjellige stilartar, og korpset må beherske alt i frå sør-afrikanske rytmar til jazz på kort tid. Vekslinga mellom dei raske, intense partia og dei rolege, forsiktige partia er krevande for musikarane.

Han likar godt å dirigere korpset, og meiner dei både spelar fint og har ein god klang

Det er noko av det viktigaste for eit brassband, fortel Gjære.

 Konkurransen er ikkje alt

Dirigent Åsmund Gjære har trua på korpset før konkurransen. Foto: Torstein Lund Eik

Eit brassband består i all hovudsak av messinginstrument og slagverk, og det er to store konkurransar for denne typen korps her til lands – Siddis Brass og noregsmeisterskapet.
Det er ikkje nødvendigvis berre konkurransen som gjer at dei reiser til Stavanger.

- Vi vil gjerne ha meir enn ein stor konkurranse i året, og når Siddis er ein underhaldningskonkurranse og ikkje ligg langt vekke så er det ein flott mogelegheit for oss. Ikkje berre for å konkurrere, men også for å få oss ein tur saman, fortel leiar i Agder Brass Band, Silje Husmo Undrum.

Her ligg nettopp styrken til Agder Brass Band – samhaldet.

- Korpset har det veldig kjekt saman, og består av ein gjeng folk som både har lyst til å drive med musikk og har lyst å få korpset opp og fram, fortel ho

Fyrste gongen på Siddis

Silje Undrum har sin fyrste tur til Siddis Brass no til helga, men ein del av dei andre medlemma veit godt kva dei går til. Lene Beate Skargrøm har vore med tolv gongar tidlegare, og venninna Heidi Tveignes får sin sjette tur til helga. Dei gler seg til spelinga, men og det sosiale:

Det beste med desse turane er det sosiale, men sjølvsagt også spelinga. Det å reise på tur med korpset skapar eit utruleg godt miljø, fortel dei to. 

Det mest utfordrande ved stykket skal vi tru desse to, er det tekniske ved spelinga og samspelet med dei andre. Dirigent Åsmund har likevel trua på korpset, og legg lista langt ifrå lågt:

Vi er eit av dei beste korpsa i andre divisjon, og målet er sjølvsagt å vinne!

 

Justvik kyrkje hadde ein litt annleis lyd enn den vanlege under måndagens øving.
Foto: Torstein Lund Eik

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand