Enter the ad code for 468x60 ad spot

Huset med det rare i

Av Eirin Aadland Haga Send e-post til forfatteren - Publisert: 30. januar, 2013

I eit rom overfylt av materiale møter vi ein interiørdesignar og ein lærling som lagar alt frå lampebein av gamle vasar til klokker av bordplater.

Elise og Olaug i sitt rette element. FOTO: Eirin Aadland Haga

Lukta av gamalt heng i lufta. Det store butikklokalet er fylt opp med møblar i gamal stil. Det er innreia som små stuer utan veggar, dekka med alt ein finn av pynteting. To eldre damer vandrar rundt i lokalet, plukkar opp ting og set det ned igjen før dei går vidare til det neste som fangar blikket.

I etasjen over finn vi avdelinga for redesign, der er skapargleda stor.

- Alt som blir kasta som søppel og ikkje kan seljast i butikken tar vi vare på. Vi ser ein verdi i det andre ser som søppel. Det vi finn tar vi opp på loftet og gjer det om til eit trendy redesignprodukt, seier  interiørdesigner Olaug Lykkedrang.

 Alt kan brukast

Dette er dei tre store R-ane, Reduce, Reuse, Recycle, som er utgangspunktet for gjenbruksarbeidet på Shalam, forklarar butikkleiaren.

Det er tid for å ta turen opp til verkstadet, der alt arbeidet går føre seg. Butikksjefen viser veg til ei smal trapp som leder opp til andre etasje. Her møter vi to av dei som er med på å lage og utvikle produkt ut i frå søppel dei finn. Den eine er Olaug Lykkedrang. Ho er utdanna interiørdesignar, og jobbar her gjennom eit arbeidstreningsprogram. Den andre er Elise Vrånes, som har bachelore i kunst og håndtverk.

- Her på loftet er det rom for å vere litt sprøe og tenke litt utanfor boksen. Vi har glede i å utfordre oss sjølv til å laga nye produkt av all slags materiale vi får tak i, seier lærlingen.

Det er ikkje noko stort verksted. Rundt omkring står det både ferdige og uferdige prosjekt. All slags materiale og ting overfyller rommet.  Golvet ser ein nesten ikkje, så ein må sjå etter kor ein set føtene, slik at ein ikkje trakkar på noko. Dei ivrige designarane fortel om planar om å utvide verkstadet og få til ei systue i eit rom ved sida av. Det er eit godt arbeidsmiljø her og det er lett å trivast. For utanforståande kan rommet sjåast som eit stort rot, men sjølv har dei god oversikt på alt som flyt rundt.

Olaug og Elise viser gjerne fram ulike produkt som dei har laga, og det som dei heldt på med for tida. Det kan vere alt frå ein lampefot laga av gamle vasar, bordplater som skal gjerast om til klokker, skuffefrontar dekorert med rammer og dekor laga av gamle bokbind.

-       Vi leiter opp og ned i containeren. Det er alltid noko gøy å finne.  Eg lever og ånder for dette arbeidet fortel den ivrige interiørdesignaren.

Utfordringa er å ha tid til å gjere alt dei vil få til. No er det berre aktivitet på verkstadet to gonger i veka. Dette håpar dei å utvida. -

- Eg elskar å vere her

Rita Susanne Tegnander viser frem eit bord, der overflata er laga av fleire gamle bokbind. FOTO: Eirin Aadland Haga

På pulten hennar står det ein særegen lampe, samansett av ulike gjenbruksdeler. Butikksjef Rita Tegnander fortel gledeleg at dette er eitt av fleire produkt som blir laga opp i andre etasje. Det vesle kontoret gjer ei kjensle om at ein er komme inn på eit trangt lite lager, der dei har lessa inn ting dei ikkje har plass til. Dataskjermen på pulten og små papirbunker, er det einaste som tydar på  at det er eit kontor.

Tegnander fortel at arbeidet ved Shalam er blitt ein heiltidsjobb. Ho fortel om gleda ho får av å sjå menneska dei tar inn få hjelp. Sjå at dei utviklar seg og trives godt. Det gjer arbeidet ei meining. Ho visar med iver i stemma og eit engasjert kroppspråk  at dette er noko ho brenn for.

Under alt rotet finn me fleire skattar. Rita viser entusiastisk frem kreative produkt som er laga ut av ting som er blitt kasta

-  Med redesign rettar vi oss inn på ei yngre målgruppe, som ser gleda ved gjenbruk. Unge folk er meir opptatt av å få tak i eit unikt produkt, og følgjer med på kva som er trendy innanfor gjenbruk. Det er veldig dyktige folk vi har som jobber her, som er med på å utvikle redesignavdelinga, fortel Tegnander med ein glød i auga. Framover vil dei satsa større på redesign, fortel butikksjefen.

Symbolikken bak

Shalam ligger midt i krysset ved Lund-brua. Visjonen deira er å vere ein mellomstasjon for menneske som slit eller har opplevd mykje vanskeleg, og gje dei ein ny sjanse.

- Vi er veldig takknemlige for alle som arbeider her, og dei som vel å fortsette som frivillig etter avslutta program. Men vi skal ikkje vere endestasjonen. Vi vil vere med å byggje dei opp, slik at det vil vere lettare for dei å komme seg vidare ut i samfunnet, forklarer Tegnander.

Framover håpar dei  at konseptet skal vokse og bli større. Dei vurderer å utvida utsalget av redesign-produkter til andre butikkar enn på huset. Lenger inn i framtida har dei kanskje oppretta ein eigen nettbutikk, fortel Tegnander med eit smil om munnen.

-Vi vil sjølvsagt selje, men hovedmålet er å hjelpe menneske, avsluttar butikksjefen.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand