Enter the ad code for 468x60 ad spot

NAV melder liten oppgang

Av Eirin Aadland Haga Send e-post til forfatteren - Publisert: 5. februar, 2013

Tal viser framleis auke i arbeidsløyse, men NAV er positive og fortel om eit ståande godt arbeidsmarknad i Vest-Agder.

- Vanlegvis pleier det å vere ein markant auke i arbeidsløyse i månaden januar, seier NAV Vest-Agder i ein pressemelding.

Så langt er det 2793 personar som er utan jobb i fylket. Det er 3.1 prosent av arbeidsstyrken. Det er også ein nedgang i permitteringar enn kva dei har fått vete av bedrifter tidlegare.

Lågare enn forventa

-   Aukinga er mindre enn kva me hadde venta oss. Om vinteren er det mindre aktivitet i mange verksemder, og er derfor ikkje uvanleg med ein auke i januar,  ifølgje avdelingsdirektør Per Lund ved  NAV Vest-Agder .

NAV fortel at arbeidsløysa er fordelt utover ulike bransjar, men at det er bygg og anlegg, industri og butikk- og salsarbeid som har størst arbeidsløyse.

I fylket er det Songdalen som har størst arbeidsløyse, medan Sirdal har lavast.

 Unge utan jobb

Det er fortsatt ein oppgang i unge arbeidsledige. Nav meldar om at så langt er 94 unge menneske under 20 år som er arbeidsledige i Vest-Agder. På ein halvannen månade er dette 17 personar fleire enn tala viste i fjor, men seks mindre for eitt år sidan.  Fem av dei ungdommane har vore arbeidsledige i over seks månadar.Det visar til 3,4 prosent av alle ledige.

Menn dominerar

I heile fylket er det totalt 1696 arbeidsledige menn, og 1097 arbeidsledige kvinner.  I Kristiansand er det også fleirtal av menn i arbeidslivet, med heile 260 fleire mannlege arbeidarar.

- Det er vanleg at det er flest menn som er arbeidsledige og meinar at det er derfor ikkje overraskande at den stige meir blant menn, bekreftar Lund.

Fleire ledige stillingar

Likevel viser NAV til ein oppgang i fleire stillingar som er lyst ut i Vest-Agder frå desember til januar. Heile 666 fleire stillingar var ledige i slutten av januar.

- Det er veldig bra å sjå ein slik stigning i ledige stillingar, og seier at det er positivt i forhold til tala neste månaden, seier avdelingsleiar Lund.

Arbeidsløysa har auka, men sidan tala viste å vere lavare enn forventa, så verker NAV å vere positiv til vegen vidare.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand