Enter the ad code for 468x60 ad spot

Ynskjer andre løysingar

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 7. februar, 2013

Frå og med neste haust vil Regjeringa innføre gratis kulturskuletime for elevar mellom 1.-4. klasse. Jon Terje Johnsen ynskjer andre løysingar.

Kulturskulen er populært blant barn. FOTO: Norsk Kulturskoleråd

Nestleiaren i Kristiansand Kulturskule stiller seg positiv til forslaget Regjeringa har kome med, men er samtidig usikker på om det er rett måte å gjere det på.

- Eg er optimist, men kunne ønskt andre løysingar. Alt høyres veldig stort og flott ut, men sanninga er at det mest sannsynleg vil vere eitt klassetrinn som får tilgang til tilbodet ein gong i veka. Alt kjem sjølvsagt an på organiseringa.

Johnsen legg til at det kostar mykje pengar, som kanskje kunne blitt brukt annleis. I tillegg kan Kulturskuletimen føre til at det blir lengre ventelister. Årsaka til dette er at elevar som ikkje har vore interessert i kulturskulen før, kan få lyst til å drive med det om dei får eit tilbod om gratis kulturskule i skuletida.


Krevjande jobb
Dei siste åra har kulturskulane rundt om i landet fått 40 millionar kroner årleg. Nesten 200 kommunar har nytta seg av desse midlane dei har fått utdelt, til å utvide samarbeidet mellom grunnskule og kulturskule.

Kulturskuletimen er ei krevjande utfordring meiner Jon Terje Johnsen, nestleiar i Kristiansand Kulturskule.

- Det er ein stor og krevjande jobb som skal gjerast før noko er klart, seier han.

I nokre kommunar fungerer kulturskulane svært bra, mens andre stadar er det mangel på gode lærarar og ressursar. Johnsen meiner det kan vere ei utfordring.

- For at kulturskuletimen skal fungere optimalt, må det vere lærarar som er interessert og motivert i å ta ein slik jobb.


Ingenting er klart
Regjeringa har sett av 73,8 millionar kroner, for at alle kommunane i landet skal kunne ha eit slikt tilbod. Kulturskuletimen vil gå føre seg i skuletida. Dermed kan ein få eit tilbod om kulturskule uansett kvar ein bur. Det skal vere opp til skulane å bestemme kva tilbod elevane skal få. Tilbodet vil vere valfritt, og for dei elevane som ynskjer det. Johnsen fortel at foreløpig er ingenting klart.

- Det er eit stort prosjekt, og vi er i gong med å jobbe med det. Vi veit ingenting om utviklinga i framtida. Til hausten er det stortingsval, og det er ingen garanti for at neste regjering følgjer dette opp. Det er berre å sjå og krysse fingrane.


Over gjennomsnittet i pris
Kulturskulen er eit populært tilbod rundt om i dei ulike kommunane, men prisen på kulturskuletilbodet er opp til kvar enkelt kommune å bestemme. Dette fører til store forskjellar mellom dei ulike kommunane i landet. Johnsen kan fortelle at Kristiansand Kulturskule kostar mellom 2700 og 2950 kroner.

- Det kjem an på om det er enkeltundervisning eller gruppeundervising. I tillegg kostar det 720 kroner per år å leie instrument, fortel han.

Talet frå Norsk kulturskuleråd viser at gjennomsnittsprisen for foreldrebetaling for heile landet ligg på 2252 kroner i skuleåret. Dermed ligg Kristiansand kulturskule litt over gjennomsnittet, med ein pris på 2950 kroner i året. Bærum toppar lista for høgast foreldrebetaling, med 4465 kroner per år.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand