Enter the ad code for 468x60 ad spot

Strømstad med heltestatus

Av Andreas Espelund Send e-post til forfatteren - Publisert: 12. februar, 2013

Fredrik Strømstad (31) blir av Tigerberget døypt Start legende.

Fredrik Strømstad blir av mange sett på som ein Start legende. No kan og fotballivet ta slutt.

-Strømstad er ein legende i Start, dette meiner pressekontakt i Starts supporterklubb Tigerberget, Torgrim Rygnestad. Han sei til sørnett at han aldri har kjent ein sånn spelar med eit så stort hjerte for klubben.

Hovedpersonen sjølv tar uttalelsane fra Rygnestad med knusande ro.- Det er så klart en ære og bli kalt ein legende, men det er ikkje noko eg går rundt og tenker på, seier Strømstad.

Innhaldsrik karriere

Fredrik Strømstad startet karrieren i Start med å slite med førstelagsspel for Kristiansands- klubben. Som 20-åring blei han lånt ut til Bærum. Etter dette følgte det sju suksessrike år for Strømstad i Start. Han spelte seg til fast plass på midtbanen og var en del av laget som tok sølv i comeback-sesongen i Tippeligaen 2005. Samme året blei han premiert med landslagsdebut for Norge sitt A-landslag.

- Ein spelar som alltid ga alt og som alltid var ein man kunne stole på i alle sammenhenger. Det har aldri vært noko tull og tøys med han. Dessuten er han morsom og har alltid vært godt likt av alle, seier Rygnestad.

Visste han kom tilbake

Sommeren 2008 signerte Strømstad for den franske klubben Le Mans. Livet hans i Le Mans blei forfølgt med mykje skader og lite speletid. I 2010 blei han henta tilbake til Start på eit-års lån.

Rygnestad forteller at han alltid visste at Strømstad kom til å komme heim til Start ein dag. – Det var et stort tap å miste Strømstad til Frankrike, men vi var alltid klar over at han kom til å komme heim til Kristiansand og spele i den svarte og gule drakta med nummer 7 på ryggen.

I 2012 gjekk kontrakten med Le Mans ut og Start valgte å signere han ut sesongen. Han fikk tidlig beskjed om at dette var hans siste år med Start og at han ikkje ville bli satsa på vidare. No har han stått uten klubb siden sesongslutt, men tilbud fra andre klubber har det ikkje stått på.

- Det blir ikkje fotball på høgt nivå lenger. Eg har meir enn nok med familie og jobb for tiden så fotballen må komme i andre omgang, forteljer Strømstad.

- Fredrik Strømstad er ein ettertrakta spelar, men eg trur han velge å legge fotballskoa på hylla. Han har sagt sjølv at han aldri vil spele for noken annan klubb i Norge og det er vel en av grunnene til at han blir omtalt som en legende her på sørlandet avslutter Rygnestad.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand