Enter the ad code for 468x60 ad spot

17. mai rett rundt hjørnet

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 10. mai, 2013

Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt. Bunaden blir funne fram, skjorter blir strykte og sølvtøyet pussa. For Husfliden er dette den travlaste tida.

Travle tider for Husfliden i Kristiansand, fortel Katrin Heinecke.


Husfliden er den einaste bunadsbutikken i Kristiansand. Avdelingsleiar, Katrin Heinecke, fortel at det er noko dei merkar godt.

- Det er stor pågang, og dette er utan tvil den travlaste tida på året. Vi har det som regel ganske travelt heile tida, men det er alltid litt ekstra i mai, fortel Heinecke.

Husfliden i Kristiansand har både Vest-Agder bunad, men også over hundre ulike bunadar for resten av landet. Dette gjer det ekstra travelt, ifølgje Heinecke.

- Det vi sel mest av er bunaden frå Vest-Agder. Men vi har leveringar over heile landet, ikkje berre i Kristiansand. Det som er travlast er

Populært
I snart 150 år har nordmenn brukt bunad til ulike høve og formål. I dag er bunad meir populært enn nokon sinne. Avdelingsleiaren ved Husflid bekreftar dette.  

- Det er kjempe populært med bunad. Folk i alle aldrar, alt i frå barn til besteforeldre, kjem inn om for å skaffe seg bunad og bunadsrelaterte ting.

Heinecke legg til at hos ungdommar er bunad populært.

- Fleire og fleire får bunad til som konfirmasjonsgåve. Dette gjeld både jenter og gutar.

Månaden for bunad
Det er vanleg å bære bunad som klesdrakt ved høgtidsdagar, bryllaup og konfirmasjonar. Mange forbind månaden mai med 17. mai og konfirmasjonar. For mange er dette den einaste månaden bunaden blir brukt. Kanskje er det også ein del som berre bruker bunaden ein gong i året, og det kan vere at ein gløymer kor ein har lagt alle delane til bunaden. I staden for å leite alt fram dagen før, er trikset å leite fram alt til bunaden i god tid.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand