Enter the ad code for 468x60 ad spot

- Ei heilt annleis oppleving enn digitalfilm

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 12. mai, 2013

Cinemateket i Kristiansand er eit av sju cinematek, som i varetek filmrullane si historie.

Dagleg Leiar, Janne Molberg, meiner det er ein sjarm å sjå gamle filmar, på filmrull.

Før i tida var filmane meint å bli vist på eit stort lerret. I dag er det veldig lett å få tak i filmar heime, og dette gjer at ikkje like mange går på kino. Janne Molberg, dagleg leiar, fortel at cinemateka utanfor Oslo står i fare for å miste statsstøtte.

Film & Kino, som støttar cinemateka, har varsla at denne støtta vil bli stansa i 2014. Årsaka til det er at det framleis er synkande inntekt frå avgift på dvd-sal.

- Det er litt rart, for det har ikkje noko med at det går dårleg med cinemateket. Det er stigande interesse for cinemateket i Kristiansand.

Filmkunst

- Vi er som eit museum, vi viser filmkunst. Gamle klassikarar på filmrull er ei filmform som er viktig å vise, seier Molberg.

Cinemateka i Noreg er spesielle. Dei har både det gamle og det nye utstyret. Dei kan vise dei nyaste filmane og dei aller eldste.

- Det er veldig sjeldan i Noreg. Nesten heile landet er digitalisert, og det er svært få stadar som viser filmrull i dag.

Cinemateket i Kristiansand viser ofte filmar som dei norske distributørane ikkje plukkar opp. I tillegg til det er festival-filmar og filmar som har gått kort tid på kino ein gjenganger. Molberg fortel også at Cinemateket er glad i å blande gamalt og nytt.

- For to veker sidan viste vi ein sovjetisk science fiction stumfilm frå 1924. Før i tida brukte dei ein pianist som spelte under filmen, men vi sat ein moderne vri på det med «Ugress» som spelte live.

Molberg legg til at det er ein sjarm å sjå gamle filmar på filmrull. I gamle dagar var det vanleg med sensur. I dag blir aldersgrensa heva, men før var det vanleg å kutte bort på filmrullen. Det er ein stor forskjell på kva ein tålte før, og kva som blir akseptert i dag, meiner Molberg.

- Det er ei heilt annleis oppleving enn digitalfilm. Filmrullen kan ryke under ei vising, og då får eg ei slags nostalgisk kjensle. Ein merkar at det er ein fysisk ting. Det er ein magi i kinosalen. Det er ikkje perfekt lyd, og nokre av filmane kan vere litt «kvittrete», litt som ei LP-plate.

Eldgamle filmrullar
Dei eldste filmane Cineamteket viser får dei frå Nasjonal Biblioteket i Mo i Rana. Der er eit stort filmlager. Mange av filmrullane er så gamle og slitne, på grunn av at dei er blitt brukt så mykje. Desse må visast så skånsamt som mogleg.

- Dei eldste filmane må visast på to apparat som står kvar for seg. Mens første akt blir spelt av, festar maskinisten akt to på det andre apparatet. Publikummet skal ikkje merke overgangen, og dermed må maskinisten prøve å finne ein lett overgang. Dette er ikkje alltid like enkelt.

Dei sju cinemateka er dei einaste som har lov å låne film frå Nasjonal Biblioteket. Dette var eit initiativ frå Staten. Grunnen til det er at dersom alle kunne ha lånt filmane, ville filmrullane blitt veldig slitne, og ubrukelege.

- Det mange ikkje veit er at filmane blir kutta opp, slik at det berre er eit eksemplar igjen. Dette eksemplaret er det Nasjonal Biblioteket som har.

Maskinist som jobb

Filmrullen ryk under visninga av “Sommernattens leende”, og maskinist, Andrea Alfano må ordne det.

Det å vere ein maskinist, er eit fag. Etter digitaliseringa av kinoane er det ikkje mange maskinistar igjen. Andrea Alfano er ein av dei som er igjen.

- Eg jobbar her omtrent ein gong i veka. Når det er filmrullar må eg sitte å passe på heile tida. Eg må passe på filmrullane, både før og etter filmen. I tillegg må eg skrive rapport for kvar film vi viser, seier Alfano.

Alfano har stor interesse for film, spesielt gamle filmar. Desse blir han fasinert av. Alfano meiner at nye filmar ikkje er like gode som dei gamle.
- Før i tida var dei meir opptatt av kvalitetsfilm, enn å tene pengar på filmane. Det var mange bra manus, og dette er nok hovudårsaka til interessa mi for gamle filmar. Noir filmar er mine favorittar. Desse trekk meg inn.

I tillegg til at han har ei stor interesse for filmar, er han svært glad i utstyret. Spesielt det gamle.

- Eg synes det er keisamt med digitalfilm. Dei kjem på harddiskar, og det er berre å trykke på ein knapp så blir filmen vist. Filmrullane og utstyret som speler av desse fasinerer meg. Som maskinist er eg så heldig å få kjenne den gamle lukta av filmrullane.

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand