Enter the ad code for 468x60 ad spot

Påmeldingsfristen er ute

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 14. mai, 2013

Auking i påmeldte til filmkonkurransen "Film i Sør".

Påmeldingsfristen for å sende inn bidrar til «Film i Sør» var fredag 10. mai. Dagleg leiar på Cinemateket, Janne Molberg, fortel at det er 24 filmar som er påmeldt, dette er ei auking på seks i forhold til i 2012.

- Mest sannsynleg er det halvparten av desse filmane som blir valt ut til å delta på Film i Sør. Det blir gjennomgang neste helg, og då plukkar vi ut deltakarane.

Ulike bidrag
Det er kome inn mange bidrag frå studentar, blant anna frå filmstudentar på Universitetet i Agder, Filmverkstadet på Samsenskulturhus og Tangen Vidaregåandeskule. I tillegg til desse er det nokre enkeltståande filmskaparar, som har jobba med film i nokre år.

- Vi er veldig fornøgde med så mange bidrag. Det er mange ulike sjangarar, og det er positivt, seier Molberg.

Ikke alle får plass
I år er det sendt inn lange bidrag til årets kortfilmkonkurranse. Dette påverkar talet på bidrag som kan delta i konkurransen, ettersom programmet har ei tidsgrense på 1 1/2 time.

- Vi har fått inn mange lange bidrag i år, og på grunn av tid vil det bli rundt halvparten, av dei 24 som er påmeldt, som får plass i konkurransen, seier Molberg.

På grunn av opphavsrettar, på musikk, er det også nokre få filmar som må takast ut.

Film i sør er ein uhøgtideleg kortfilmkonkurranse, for filminteresserte og filmskaparar på Sørlandet. Det er to prisar som skal delast ut. I fjor gjekk årets jurypris til «The Unbearable lightness of being Pacman» og årets publikumspris til «Eit annet spor på B-siden».

 

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand