Enter the ad code for 468x60 ad spot

-Lite å gjere seg til kjeltring for

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 16. mai, 2013

Mange slepp unna med å stikke i frå utan å betale bensinrekninga.

Gundersen fortel at det er to til tre pumpestikke i gjennomsnitt kvar veke. Foto: Carl Henrik Berge

På Esso Oddemarka er det kvar veke i snitt to til tre pumpestikk, det vil seie dei som går i frå bensinrekninga utan å betale. Bjørn Ivar Gundersen, tilsett på Esso Oddemarka, seier at talet på pumpestikk varierer.

- Nokre gongar er det ti, medan andre gongar er det kanskje berre to. Det er stor variasjon kvar veke.

Gundersen legg til at han trur at mesteparten av pumpestikka handlar om at kundane gløymer å betale.

- Mange surrar med kortet når dei skal betale, medan andre snakkar i telefon og dette resulterer i at dei gløymer å betale.

Slepp unna
Gundersen har vore tilsett på Esso i Oddemarka i over 8,5 år. I løpet av desse åra har han sett ein del pumpestikk som blir gjort med vilje. Esso er godt overvåka, og har sikkerheitskamera som fanger opp registreringsnummera på bilane. Det er ikkje alltid det er like enkelt å fange opp dette.

- Nokre gøymer seg for kameraet, andre har falske skilt på bilen eller har til og med stelt bilen. Heldigvis er det ikkje så mange av desse.

Det er svært vanskeleg å få tatt mesteparten av dei som stikk av. Derfor er det vanskeleg for Esso i Oddemarka å gjere noko med pumpestikka. I 2008 meldte Aftenposten at bensinstasjonane samla taper rundt 25 millionar kroner årleg. Gundersen kan fortelje at Esso Oddemarka ikkje tener særleg mykje på å anmelde pumpestikk, ettersom mange av dei ikkje blir funne igjen.

- Pumpestikk blir kalla for naskeri. Eg meiner det er ein prinsipp sak. Steling er steling.

Det har hendt at Gundersen har gått ut om han har sett noko som gjer han mistenksam. Han fortel at då ordnar det seg som regel. Det er kundar som ikkje ynskjer å betale for bensinen, og går der i fråMange  utan å betale.

- Det er veldig lite å gjere seg til kjeltring for. Det er ikkje akkurat seks tal bak, seier Gundersen.

-Forferdeleg dårleg gjort

Bensinstasjonskunde, Gjertrud Halversen, synes svært lite om bensinnaskinga.

- Eg synes det er forferdeleg dårleg gjort. Det er akkurat det same som å gå inn å stele noko i butikken.

Halversen meiner grunnen til pumpestikk er at det er mindre terskel for å stele av bedrifter enn for privatpersonar.

Til sjuande og sist, steling er steling, avsluttar ho.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand