Enter the ad code for 468x60 ad spot

Klar for dårleg vær på 17. mai

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 16. mai, 2013

I mai har det vore stor etterspurnad etter regnkle i butikkane i Kristiansand.

Feyling trur mange kjem til å velje støvlar framfor finesko på 17. mai. Foto: Olin Maria Yri

Harald Feyling, dagleg leiar på Regntøyspesialisten, fortel at det har i det siste vore stor etterspurnad etter regnkle og støvlar. Dette trur han har mykje med at det er mai og 17. mai.

- Det har kokt frå morgon til kveld. Det har vore såpass mykje at vi var i ferd med å gå tom for regnkle for ikkje så lenge sidan, seier han.

Han legg til at folk kjem innom for å kjøpe alt i frå regnponcho til bunad og regnkle til 4000 kroner.

Annan type sko

Feyling trur at det vil vere ein del sørlendingar som går for ein meir praktisk løysing med tanke på været i år på 17. mai.

- Eg trur det er ein del som kjem til å velje ein annan type sko på beina, enn finesko, i år. Då siktar eg til støvlar. Mest sannsynleg vil det vere mange som går for lave støvlar. Der har blitt så populært i det siste.

Til tross for at det er meldt dårleg vær er sørlendingane ved godt mot.

- Det som er artig er at folk er veldig blide og er veldig hyggelige sjølv om det er dårleg vær.

Går for kvitt
Tradisjonelt sett har det vore mest populært med svarte regnkle. I år er det ein annan farge som gjeld, i følgje Feyling.

- Folk vel noko anna enn svart. Det er meir kvitt enn nokon gong. Eg trur det har mykje med at det er mai og 17. mai.

Noko som har vore svært populært i det siste er gjennomsiktige ponchoar. Dette vel spesielt dei som har bunad eller uniform.

- Eg trur det er begynt å bli ganske tomt for slike ponchoar rundt i byen, seier Feyling.

Ikkje alle har bunad, og vel i staden dress eller kjole på 17. mai.

- For dei som går i kjole og dress er det regnkåper som gjeld. Dette er blitt ganske populært. I tillegg til at dei er fine, ser dei ikkje ut som regnkle i det heile, seier Feyling.

Lei av å selje regnkle

Heidi Vidvei og Linnea Avtjern går i staden for med paraply enn regnkle. Foto: Olin Maria Yri

G-sport har også solgt ein del regnkle og støvlar i det siste. Før jul sal dei regnkle tre månadar i strekk.

- Akkurat no er vi litt lei av alle regnkleda. Vi vil mykje heller at folk skal kome innom å kjøpe shorts og t-skjorter.

Også på G-sport er det stor etterspurnad etter regnkle, og spesielt gjennomsiktig regnponcho til bunad.

- Det er eit godt alternativ til dei som har bunad. Det er viktig å passe på bunaden slik at den ikkje blir våt. Den viser nesten ikkje, og i tillegg kostar ein slik poncho nesten ingenting i forhold til vanleg regnkle.

Vel paraply i staden
Det er ikkje alle som vel regnkle til 17. mai. Heidi Vidvei (15) og Linnea Avtjern (14) meiner regnkle er stygt og i tillegg er det svært

ubehageleg.

- Dersom det regnar på 17. mai, går vi med paraply. Ingen av oss vurderer verken regnkle eller støvlar.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand