Enter the ad code for 468x60 ad spot

Åttandedels finale venter

Av Olin Maria Yri Send e-post til forfatteren - Publisert: 24. oktober, 2013

Både herrelaget og kvinnelaget til Kristiansand Volleyballklubb har kvalifisert seg til åttandedels finale i NM.

— Målet er å gjennomføre ein god kamp mot eit lag som er mykje betre enn oss, seier Espen Førland, trenar for KSK menn.

God motstand:  Askeland og resten av Kristiansand Volleyballklubb møter elitelag i NM. Foto: Jørgen Steffensen.

Han legg til at det er motiverande og inspirerande å få «matcha» seg mot eit elitelag. KSK møter Koll, som ligg i den øvre delen av tabellen i eliteserien etter to kampar er spelt, medan KSK ligg på toppen av tabellen i første divisjon.

— Vi har ikkje spelt kampen endå, men eg blir positivt overraska dersom vi vinne denne kampen. Det er eit såpass godt lag, så i utganspunktet skal det vere vanskeleg. Det er kjekt å møte gode lag, som kan lære oss ein del, fortel Førland.

Ikkje favorittar
Tor Inge Askeland, dagleg leiar i KSK og trenar for kvinnelaget kan også fortelje at damelaget møter god motstand.

— Vi møter eit elitelag som kjempar mot nedredel av tabellen. Målet er sjølvsagt å vinne denne kampen, men det er favorittar og har nok meir press på seg enn det vi har, fortel han.

Kvinnelaget har starta denne sesongen bra, og har tre sigerar på dei tre første kampane. Målet er derfor å spele like godt som laget har gjort denne sesongen i åttandedels finala mot UiS Volley.

— ­Dersom vi får det til å sitje og vi speler opp i mot vårt beste, trur eg vi kan vinne kampen.

Dårleg motstand i Agder

— Det er slik at det beste laget i kvar region går til åttandedels finala, og sidan det ikkje er så stor motstand vi møter i Agder ville alt anna enn å nå åttandedels finala vere skuffande, seier Askeland.

Også herretrenar Førland er samd i dette.

— Det er ikkje noko stor prestasjon i seg sjølv å nå åttandedels finala. Det er ikkje spesielt vanskeleg i Agder, sidan det ikkje er så stor konkurranse. Men det er sjølvsagt moro å møte nye og gode lag som vi kan lære av og ta med oss vidare.

Sjølv om dei to volleyballtrenarane meiner det er dårleg motstand i Agder, kan dei fortelje at det er mykje bra på gong. Både når det gjeld nye og gode utøvarar men også lag.

— Det har tradisjonelt vore gode lag i Agder. No begynner det å stabilisere seg, og sjølv om det er langt igjen har trenden dei siste åra vore svært positiv, fortel Førland.

— Agder er på veg opp, avsluttar Askeland.

Logg inn
Utgiver: NLA Høgskolen Mediehøgskolen Gimlekollen. Postboks 410 Lundsiden, 4604 Kristiansand. Telefon: 38145000
Kontakt ansvarlig redaktør for mer informasjon

Utviklet av Edney Media & Design Kristiansand