Trass bompengane – Elbil er framleis billigast

    Førre onsdag vedtok Kristiansand bystyre at også elbilistar må betale bompengar i Kristiansand frå 1.1.2020. Bransjen trur likevel at det er så mange fordelar med elbil at salet berre vil fortsette å auke.

    Salssjef Per Øystein Gumpen (t.v.) og dagleg leiar Thor Harald Foss viser fram den nyaste modellen av Nissan Leaf. Dei har stor tru på at dei kjem til å selje mykje av den trass i at også elbilistane må betale bompengar frå 2020.

    Thor Harald Foss er dagleg leiar for Sørlandets Bilsenter i Sørlandsparken utanfor Kristiansand, og har dei siste åra seld Noregs mest kjøpte elbil – Nissan Leaf. Han meinar at elbilistane er førebudd på å måtte betale bompengar, og at det ikkje kjem til å påverke salet av elbilar.

    – Det er sjølvsagt vanskeleg å seie om det vil påverke oss, men i utgangspunktet så er det så mange andre fordelar med el-bil. Du har drivstoff, som er det ein sparer mest på, og så har bom vore ein bonus som har kome på toppen. Så eg trur nok at dei fleste vil synest at det er heilt okei å betale bitte granne når dei har el-bil, og eg trur ikkje at folk ventar at dei skal ha det gratis heller. Det er i alle fall tilbakemeldinga vi får frå kundane våra, at dei ventar ikkje at det skal vere gratis for alltid.

    Bilforhandlarane ynskjer ikkje å gå inn på politikken bak bompenge-vedtaket, men seier at bomringane er noko kundane er bevisst på.

    – Vi ser når vi pratar med kundane våra at det er eit tema, men at dei fleste er innforstått med at det kjem til å skje. Det er viktig å understreke at sjølv om det vert ei auke i utgifter om eit år, så er det framleis billig å køyre elbil, spesielt med tanke på drivstoff, fortel Foss.

    – Det går litt fort

    Forhandlarane på Sørlandets Bilsenter er samde om at dei er i ei særstilling. Nissan Leaf er ei godt etablert merkevare som dei trur kjem til å stå seg godt trass bompengar. Sidan dei tok inn sin første Leaf i 2012 har dei seld over 1300 stykk av dei, og hittil i år har dei selt rundt 360 Leaf, noko som er ei dobling av salstala frå i fjor.

    – Den har vore veldig lenge på marknaden, og det har blitt litt sånn at når du tenker på elbil så tenker du på Leaf-en, og det har blitt litt sånn at noko av det første folk tenker når dei skal ha elbil at då må dei innom å sjå på ein Nissan Leaf, fortel salssjef Per Øystein Gumpen.

    I takt med at salet av elbilar eksploderte vedtok Stortinget for halvanna år sidan eit kontroversielt forslag om at frå 2025 må alle nye bilar vere utsleppsfrie, noko som er eit vedtak Noreg står ganske aleine om i verda. Mange produsentar kjem til å få problem med å berre skulle tilby nullutsleppsbilar allereie i 2025, og bilforhandlarane i Sørlandsparken er redd for at dette kan gå ut over kollegaer i bransjen.

    – Viss eg ikkje berre skal sjå det frå vår ståstad men frå heile bransjen sin ståstad, så trur eg kanskje at det det går litt for fort for marknaden og at vi kan få mindre arbeidsplassar i bransjen på sikt. Det vil vere nokon merker som ikkje vil klare å levere denne typen bilar raskt nok. Det blir berre spekulasjonar, men vi i Noreg skal jo presse dette gjennom litt raskare enn resten av Europa, seier dagleg leiar Thor Harald Foss.

     7800 elbilar på Agder

    Hittil i 2018 har kvar fjerde selde nye bil i Vest Agder vore ein elbil, noko som er ei auka frå i fjor, men likevel litt under landssnittet på 30%. Ved utgangen av 2017 var det 5500 elbilar i Vest-Agder, noko som tilsvarar i overkant av fem prosent av den totale bilparken. Marknadsandelen til elbilane har auka med femten prosent på fire år.

    Det har skjedd ei auke i elbilsalet dei siste åra. I 2016 var 60 prosent av nye bilar seld i Norge bensin- eller dieseldrivne, i 2018 er talet nede i 40 prosent. I tillegg har talet på elbilladerar dobla seg sidan 2014, og det er i dag ti tusen ladarar i Noreg.

    – Vi ser lyst på framtida!

    Bilforhandlarane i Sørlandsparken meinar at det er heilt rimelig at også elbilistane må betale i bommen, men dei minner om at det er jo ikkje før om eit år.

    – Det er jo ikkje før år 2020, så vi har fortsatt fordelen eitt år til. Dei som vurderer elbil må jo berre skunde seg og få kjøpt og få utnytta det!