Kristent nettverk ynskjer eit nøytralt flagg

Ei gruppe kristne forsamlingsleiarar seier at regnbogeflagget hindrar dei i å delta i markeringa av “En by for alle”. Kristiansand-ordførar Harald Furre har forståing for problemstillinga, men har ingen planar om å gjere endringar i 2020.

Denne veka vert det arrangert inkluderingsveka “En by for alle” i Kristiansand. I forkant av arrangementet har oppvekstsektoren sendt ut eit brev til dei rundt hundre barnehagane i byen, med forslag til korleis dei kan arrangere veka. Eit av dei var å markere med regnbogeflagg. Dette har ført til at eit kristent nettverk har teke kontakt med ordføraren for å få endra praksisen til neste år.

Forsamlingsleiar: – Flagget blir assosiert med FRI

Det kristne leiarnettverket “Sammen For Byen” ynskjer at kommunen skal bruke eit anna flagg enn regnbogeflagget i samband med “En by for alle”-veka. Grunnen er at dei meinar at flagget er for nært knytta til organisasjonen FRI, og at dei ikkje kan støtte opp om alt som organisasjonen står for. Dei seier at dei ynskjer å delta i inkluderingsveka, men at bruken av regnbogeflagget gjer det vanskelig.

– Vi veit jo at utgangspunktet for flagget ikkje er organisasjonen FRI, men det har blitt assosieringa. Viss du tar ein marknadsundersøking i Markens i dag og spør om kva regnbogeflagget er for noko, så vil veldig mange assosiere det med FRI, og det er det krevande i dette. FRI står for mykje meir enn det homorørsla tradisjonelt har gjort, meiner Erik Albert, leiar i Sammen for Byen og forsamlingsleiar i Norkirken.

Bilete: Erik Albert er leiar for det kristne nettverket “Sammen for byen”. Han hadde ynskja at kommunen ikkje hadde brukt regnbogeflagget i inkluderingsveke. FOTO: Karl Almedal

Albert og resten av forsamlingsleiarane i “Sammen for byen” har eit konservativt syn på seksualitet og kjønnsidentitet, dei ynskjer difor ikkje at forsamlingane deira skal bli assosiert med FRI sine standpunkt i desse spørsmåla. Dei saknar at også dei som meinar noko utanom det politisk korrekte vert inkludert og respektert, og meinar at det er spesielt viktig i ei veke som har som mål å fremje inkludering og toleranse.

– I dagens samfunn så er det sånn at toleranse er å meine det som er politisk korrekt, og med ein gong du meinar noko anna enn det så blir du tatt for å vere intolerant. Det er intolerant. Vi som står for eit klassisk syn på bibelen opplever at vi blir kalla for intolerante fordi vi meinar noko anna enn det som er politisk korrekt. Det synest eg ikkje er greitt. Eg må ha full respekt og forståing for dei som meinar noko anna enn meg, og då meinar eg at det ikkje er så urimelig å forvente det same tilbake. Det vil eg kalle toleranse, slår Albert fast

Foreslår å bruke “En by for alle”-flagget i barnehagane

“Sammen for byen”-leiaren seier at forsamlingane som er representert i nettverket hans ynskjer å delta i “En by for alle”, og at han håpar at kommunen vil gjere endringar neste år.

– Vi vil ta samfunnsansvar og vere til stades i det som skjer. Vi har ikkje vore involvert i noko av dette, dette er det kommunen som står for, men det kan vi definitivt tenke oss. Då kan dei spele på lag med oss som har dette nettverket med prestar og forsamlingsleiarar i “Sammen for byen”.

Albert og dei andre forsamlingsleiarane foreslår å heller heise flagget til “En by for alle” neste år, og seier at dei kjem til å halde denne saka varm når planlegginga av neste års arrangement begynner til hausten.  

– No har jo kommunen produsert ein haug med flagg som dei kunne delt ut, og som ein kunne flagga med i barnehagane. Då kunne borna kjend att flagga når dei tek bussen over Lundsbrua eller går i Markens gate på laurdag, fordi då er det same flagget.

Bilete: Erik Albert og “Sammen for byen” foreslår at barnehagane kan bruke “En by for alle”-flagga som Kristiansand kommune har hengt opp i Markens gate. FOTO: Karl Almedal

Harald Furre: – Eit symbol for mangfald og toleranse

Onsdag førre veke var representantar frå “Sammen for Byen” i rådhuskvartalet i Kristiansand på besøk hjå ordførar Harald Furre. Han beskriver møtet som konstruktivt, og at dei fekk rydda opp i nokre misforståingar. Han står likevel langt i frå forsamlingsleiarane i “Sammen for byen”, og seier at han ikkje kjem til å ta initiativ til endringar.

– Eg fortalte at regnbogeflagget ikkje er ein del av “En by for alle”-aksjonen. Oppvekstseksjonen har sendt ut ein mail der dei seier at regnbogeflagget er eit av 10-12 forslag til korleis barnehagane kunne markere aksjonen, fortel Harald Furre til Sørnett.

Furre seier vidare at han ser på flagget som noko positivt, og at han ikkje kjenner seg igjen i “Sammen for byen” sine beskrivingar.

– Eg for min del meinar at det er eit symbol for mangfald og toleranse, også kjønnsmangfald. Dei tolkar det som eit flagg som symboliserer organisasjonen Fri, og at ved å heise det så støttar dei også deira standpunkt. Det er veldig fremmed for meg, men eg respekterer det, seier Furre.

Ordføraren er sett på som ein forkjempar for homofile sine rettar, og har til og med heisa regnbogeflagget på rådhuset, noko han vart kåra til årets ordførar for. Han ynskjer å stå opp for flagget, men har eit avslappa forhold til det i samband med “En by for alle”.

– Eg har jo vore med å heise flagget under “Skeive sørlandsdager”, og eg står trygt og godt for det. Samtidig har eg ikkje noko behov for at det skal vere på alle flaggstenger under “En by for alle”, slår ordføraren fast.

Bilete: Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, seier at det er framant for han at regnbogeflagget er assosiert med FRI. Teikninga på bilete er frå diplomet han fekk i samband med kåringa av årets ordførar. FOTO: Arkiv

FRI: – Det er ikkje FRI sitt flagg.

Bilete: Anna Charlotte Larsen meinar at verken FRI eller homo-rørsla har noko eigarskap i regnbogeflagget. FOTO: Kjartan Bjelland.

Leiar for FRI Sør, Anna Charlotte Larsen, er samd med ordførar Harald Furre. Ho seier at verken FRI eller homorørsla har eit eigarskap til regnbogeflagget, men at homofile har brukt det som eit symbol sidan slutten av sytti-talet.

– Homorørsla har ikkje eigarskap i det, men vi kjenner oss igjen i regnbogeflagget, og at det symboliserer vår kamp for menneskerettane. Det er fortsatt land med dødstraff for homofili, fortel Larsen.

Ho seier at ingen skal tvingast til å bruke symbol dei er ukomfortable med, og at ho no ynskjer eit møte med “Sammen for byen”-nettverket.

– Vi ynskjer gjerne å ha eit møte med dei kor vi kan reflektere høgt saman om desse tinga, seier FRI Sør-leiaren.

– Ja takk, det vil vi gjerne, svarar Erik Albert i Sammen for Byen på spørsmål om dei er interessert i det. 

UiA-professor: – Begge grupper har rett.

Bilete: Martin Engebretsen seier at eit symbol kan bety ulike ting for ulike grupper, og at både “Sammen for byen” og ordføraren kan ha rett. FOTO: Universitetet i Agder.

Professor ved Nordisk og Mediefag ved UiA, Martin Engebretsen, seier at regnbogeflagget som symbol er opent, men at folk sine opplevingar gjer at det assosierast med LHBT-rørsla.

– Alle partane har delvis rett i det dei seier om at eit symbol kan ha ei basal betydning samstundes som ei enkeltgruppe kan ha brukt det så mykje at det assosieres til den gruppa. Det er assosiasjonane det er snakk om her, så konklusjonen blir at begge grupper har rett, seier Engebretsen.

Professor trur ikkje at ei gruppe sitt sterke forhold til flagget, ekskluderer den øvrige befolkninga frå å ha eit meir ope forhold til flagget. Han har likevel forståing for at nokon kan meine at flagget gjennom assosiasjonar tilhøyrer LHBT-rørsla.

– Dei som seier at det er eit samlande symbol som handlar om mangfald har rett i det. Samstundes er det slik at dei som har brukt flagget mest er nok knytta til LHBT-rørsla. Det betyr ikkje at dei eig det, men dei har nok historisk blitt knytta mest til det, avsluttar professoren.