Dei kristne skulelaga i Kristiansand opplever ulik behandling frå rektorar. Laget etterlyser meir støtte frå skuleleiingane, medan kommunen vil begrense aktiviteten til laga.

Klokka nærmar seg halv tolv denne tysdagen i januar, og auditoriet på Kristiansand Katedralskule er halvfullt. To av dei eldre jentene på skulen står i døra og ynskjer alle velkomne, og dei som har funne seg plass begynner å leite fram matpakka si. Summinga i rommet stoppar brått når møteleiaren reiser seg og ynskjer velkomen, før dei syng ein kjend kristen song. Andaktshaldaren får ordet, og snakkar rundt tjue minutt om sine opplevingar på bibelskule på Hawaii det siste året. Hovudbodskapen hans er at elevane må “kvile ved Jesu føter” fordi “av nåde er de frelst ved tru”. Det er ingen som søv på pulten. Til slutt ber dei alle ei kjapp bøn, før møtet er over og dei fleste må gå og gjere seg klar til time.

KKG-elevane Tobias Ribe (f.v.), Jenny Fidje og Linnea Tveiten Brattlid er nøgd med måten skulen legg til rette for skulelaget. FOTO: Karl Almedal. – Vi er ein knøttliten del av skulen

Slik foregår skulelag rundt om på skular i heile Noreg. Rundt 4000 unge er medlem i eit av Laget NKSS sine 200 lag på ungdomskular, vidaregåande skular og høgare utdanning. I tillegg er det mange lagsdeltakarar som ikkje er medlem i organisasjonen. Linnea Tveiten Brattlid, Jenny Fidje og Tobias Ribe er alle aktive i laget på KKG, som er det største skulelaget i Kristiansand. Skulen har 1400 elever, likevel er det ikkje fleire enn rundt femti personar på lagsmøta. Dei trur at mange kristne kvir seg for å gå på lagsmøte.

– Viss du ser på vårt lag så er vi ganske mange, men viss du ser på heile skulen så er vi ein knøttliten del av skulen som går på laget, og eg trur absolutt at det er fleire på denne skulen som er kristne men som ikkje torer å kome på laget fordi at då ser folk at dei er på laget, seier Linnea Tveiten Brattlid.

Ungdomane føler at lagsarbeidet deira har god støtte hjå skuleleiinga, og at det dei gjer vert sett pris på.

– Vi er jo veldig heldige med det at KKG legg så godt til rette for at vi skal kunne ha laget. Vi høyrer jo veldig mykje om problem som elevar på andre skular har med å sette i gang lag. Så der trur eg vi er kjempeheldige med at vi får bruke auditoriet, fortel Jenny Fidje.

Regionsleiar i Laget Tønnes Christian Tønnesen etterlyser rektorar som vil heie på skulelaga. FOTO: Karl Almedal

Laget: – Rektorane heiar ikkje på oss
Ikkje alle er like heldige. I 2014 vedtok Kristiansand bystyre at rektorar ikkje kan nekte elevane å arrangere skulelag, likevel kan Laget NKSS fortelle om fleire skular i Kristiansand der rektorar på kreative måtar prøver å hindre skulelaga sine arrangement. Dei kan til dømes seie at dei berre får ha lagsmøte ein gong i månaden eller gi dei eit rom som ikkje er eigna.

– Nokre rektorar er redd for at dersom elevane får for mykje rom så mistar dei kontroll, slik at dei set heller litt for strenge begrensningar for å hindre at dei mister kontrollen. Nokre gongar på nokre skular så opplev elevane at dei ikkje vert heia på grunna begrensingane. Dei får lov til å arrangere, men dei føler at det ikkje er ynskja, fortel Tønnes Christian Due-Tønnesen, leiar for Laget NKSS Region Sør.

Due-Tønnesen fortel at situasjonen til dei forskjellige laga er veldig forskjellige. Nokon skular har eit stort kristent miljø, medan lag på andre skular slit med å halde laget gåande. Han seier at rektorane må bli flinkare til å heie på elevane som vil starte opp skulelag.

– Den “heia-effekten” som rektor og lærarar kan vere med på er ikkje like god på alle skular. På nokre skular er den veldig bra, men på andre skular så er mitt inntrykk at elevane lengtar etter eit klapp på skuldra og at nokon skal seie “å, så bra at de startar opp noko”.

Kristiansand kommune: Skulelaga skal ikkje drive rekrutering

Fagsjef ved Oppvekstsektoren i Kristiansand kommune, Roy Wiken, seier at kommunen i utgangspunktet har ei positiv haldning til skulelaga, og at dei ynskjer å legge til rette for elev-initierte aktivitetar. Samstundes er dei opptenke av at skulen skal vere ein inkluderande fellesarena, og at dei ikkje ynskjer noko utadretta verksemd frå verken skulelaga eller noko andre lag eller foreninger.

– Skulelaga skal ikkje drive noko storstilt verving til sin aktivitet, men ein kan bruke oppslagstavla viss ein ynskjer å informere om skulelag, eller andre typar ting som skjer i friminutta. Vi må ha respekt for kvarandre, og nokon kan jo oppleve at viss det blir for sterk rekrutering, så kan det vere innvaderande for nokon. Så her må vi prøve å balansere og vere varsom, seier Wiken.

Han meiner at skulelaga sin aktivitet bør begrensast til det rommet dei har blitt tildelt av rektor. Han seier også at aktivitetar som å dele ut vaffel eller opne spørsmålsrunder, også kjent som “Grill en kristen”, ikkje er ynskja aktivitet.

– Vi tenkjer kanskje at det kan støte nokon. Så vi tenkjer at den type verksemd er å drage det litt for langt. Det kan vere føresette eller andre elevar som reagerer på denne typen rekrutering, hevdar Wiken.

Dette er noko oppvekstdirektør, Svein Ove Ueland, stiller seg fult og heilt bak.

– Vi ynskjer ikkje aktiviteter frå anten skulelaget eller andre religiøse foreningere eller trossamfunn der ein driv aktiv rekrutering gjennom den type aktiviteter på skulen. Skulen skal vere ein arena der alle føler seg inkludert, slår oppvekstdirektøren fast.

Laget: – Ingen ser ein lapp på oppslagstavla

Due-Tønnesen i Laget NKSS reagerer sterkt på oppvekstsjefen sine utspel.

– For å drive med elevorganisert aktivitet er det avgjerande at dei andre elevane veit at den eksiterer. Ein lapp på oppslagstavla er det ingen som ser, hevdar Tønnesen.

Han reagerer også på at oppvekstetaten meinar at elevar og føresette kan bli støtt av vaffel-stands.

– Det er forskjell på passiv og aggresiv marknadsføring. Å ta i mot ei vaffel er frivllig. Det er ingen som går opp til folk og spør om dei vil ha, men dei sit bak ein pult med ein plakat bak seg. Det er ingen som kan bli støtt av det. Det er i tråd med menneskerettane at ein kan stille seg opp med ein plakat og seie kva ein trur på. Det er ikkje støtande, slår Tønnesen fast.

 

Les flere saker i ungdomsmagasinet som kommer i februar!