Kristne leiarar og FRI møttest til dialog

I dag møttest det kristne nettverket "Sammen for byen" og organisasjonen FRI til dialog. Dei gir Sørnett mykje av æra for at kontakta vart oppretta.

Bilete: Det kristne nettverket “Sammen for byen” og organisasjonen FRI møttest til dialog på ein cafè i Kristiansand i dag. FOTO: Pixabay.

Tidlegare denne veka gjekk det kristne nettverket “Sammen for byen” ut mot heising av regnbogeflagg i barnehagane i Kristiansand. Regionsleiaren for organisajonen FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald, Anne Charlotte Larsen, inviterte til eit møte mellom organisasjonane. Det takka “Sammen for byen” ja til. I dag møttest dei på ein café i Kristiansand sentrum.

 

– Hadde ikkje skjedd utan Sørnett

Bilete: Leiar for FRI Sør, Anne Charlotte Larsen, ynskjer å ta initiativ til å opprette møteplassar for ulike synspunkt. FOTO: Kjartan Bjelland, Fædrelandsvennen.

– På bakgrunn av den saka som Sørnett laga har det blitt oppretta dialog mellom FRI og “Sammen for byen”. Det hadde ikkje skjedd om ikkje de hadde plukka det opp og sett oss i kontakt, seier leiar for FRI Sør, Anne Charlotte Larsen.

Ho fortel at ho opplevde det som godt å møtest og seier at dei ynskjer å opprette eit rom for dialog.

– Då vi gjekk frå kvarandre var det med eit ynskje om at den samtalen skal fortsette. Eg håper vi finner ein måte og vere dei vi er på utan å begrense kvarandre si moglegheit til å leve gode liv. Ingen si sanning må bli meir riktig og det må vere ei gjensidig respekt til stades, seier Larsen. 

 

Bilete: Leiar for “Sammen for byen”, Erik Albert, seier at dei hadde eit godt møte, men at han ikkje ynskjer å kommentere saka ytterlegare. FOTO: Karl Almedal

-Alltid kjekt å treffes sånn og ikkje i avisa. 

Pastor Erik Albert ynskjer ikkje å uttale seg om innhaldet i møtet, men seier at dei hadde ein god samtale.

– Det som er fint med å sitte sammen med mennesker uansett hvem de er, er at når det er “face to face” rundt ein kopp kaffe så er det alltid hyggelig. Det styrker alltid forståelsen av hverandre, seier Albert.

Albert seier at dei snakka om meir enn berre regnbogeflagget, og at dei ikkje har endra noko standpunkt i saka.

– Når vi snakkar saman så handlar praten om meir enn berre for og i mot regnbogeflagget. Det er alltid kjekt å treffes slik og ikke i avisa, slår forsamlingsleiaren fast.