Barbeint pop på hjørnet

Nesten alle av dei 8600 studentane i Kristiansand gjekk glipp av søt pop og imponerande jazz måndag kveld.

Lisa Nybrott (21) med band. Foto: Helene Reite
Lisa Nybrott (21) med band. Foto: Helene Reite

– Ein skal sette pris på dei små tinga i livet, seier Lisa Nybrott, til eit halvtomt lokale på “På Hjørnet” måndag kveld.

Kommentaren var nok sikta på oppmøtet, men Nybrott og bandet valde heller sjå på glaset som halvfullt.

Søt musikk og briljerande jazz

Lisa Nybrott tek av seg dei raude skoa med høge helar, før den første songen “Sidewalk” bryter stillheten i lokalet. Ein gløymer med eitt både at det er måndag og januar, for no er det vår i rommet. Behageleg pop med ei teskei soul og ei klype R&B tek oss vekk frå kvardagen. Den behagelege vokalen, og dei dyktige følgjevenane hennar, har vore ute og spelt ei vinternatt før. Det hadde nok neste band ut også. Det er lett å bli mållaus når jazzmusikarar briljerar med instrumenta sine. Det var nok tilfelle i går også, då eit jazzband frå konservatoriet entra scena. Å klappe på dei riktige stadane i jazzen er ofte utfordrande, spesielt når soloane kjem som perler på ei snor. Kvart einaste instrument fekk vist kva dei kunne. Det var som om den lille gjengen på hjørnet plutselig befant seg i New Orleans.

Drøymer om karriere

Lisa Nybrott er nøgd med konserten.

– Det var lenge sidan sist eg spelte eigne låtar på konsert, så dette var gøy, seier ho.

Det kjem stadig folk bort og gir ros og klapp på skuldra. Nybrott lagar sin eigen musikk og drøymer om å bli artist.

– Eg har akkurat gitt ut EP. Men den er eit soloprosjekt, fortel ho.

Ho legg til at det ein vakker dag også kjem ut ei plate. No går ho siste året på Musikkonservatoriet i Kristiansand.

Korleis er det å vere artist i Kristiansand?

– Det er mange om beinet og utfordrande å bli sett. Det kan også vere vanskeleg å trekke folk til konsertane, seier ho og ser seg rundt.

Det vert jam på “På hjørnet” kvar kveld fram til torsdag denne veka.

img_0399

Image 1 of 4