Sørnett

Stortinget stopper bygginga av fleire utanlandskablar

Bilde tatt av: Tore Sætre Opphav: wikipedia Commons

Bilde tatt av: Tore Sætre Opphav: wikipedia Commons

Regjeringa har ingen planar om å bygge fleire utenlandskablar, dette inkluderar Northconnect kabelen.

Publisert:

Regjeringa har ingen planar om å bygge fleire utenlandskablar, dette inkluderar Northconnect-kabelen. Dette uttalar Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum, DN og E24 – Den søknaden vil ikkje bli behandla. Det prosjektet skal gravlegges.

Northconnect-kabelen ville ha vore ein eksportkabel frå Noreg til Skotland, dette ville ha vore den tredje eksportkabelen til eit land utanfor norden. Det finnes no ein kabel til Nederland og ein til Tyskland.

Noreg i dag har no 17 straumforbindingar til sju forskjellige land, disse landa er Russland, Finland, Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland og England. Disse kablane gjev Noreg jamn straumforsyning, men straumen blir dyr dei åra det er lite nedbør og gassprisen er dyr, no har vi både mangel på nedbør og gassprisen er høg. Førebels ligg fyllingsgraden no i april på 22%. På same tid i 2019 var den på 31%, dette viser tal frå NVE.

Faktisk.no oppljos at fleire straumkablar ville gjort Noreg meir knytta til Europa og gitt oss europeiske prisar (altso høgare), men ingen kablar ville ført til rasjonering dei åra det ikkje regner. [faktaboks]

Statnett seier at det ikkje er satt i gang ein samanhengjande kabel frå sør til Nord-Noreg, men det er bygging av ein frå Trøndelag til Møre og Romsdal, og ein frå Sogndal til Aurland. Fleire kablar mellom nord og Sør-Noreg ville mest sannsynleg jamna ut den høge prisskilnaden.

Arbeiderpartiet, SV, Raudt, FRP og Senterpartiet seier klart at dei ikkje vil bygge fleire utanlandskablar. Høgre har ikkje noko klart svar, KRF er skeptiske, medan Venstre er for å bygge fleire. MDG seier at dei vil ha eit tett band med europa når det gjeld straum.

[img231218_2LM]

 

Norsk Arbeidsmandsforbund er nøgde med nyheita frå regjeringa.

 

- Vi har ein kravande kraft-situasjon og Norsk Arbeidsmandsforbund avd 7 er godt fornøgd med at Støre regjeringa ikkje har planer om å bygge Northconnect-kabelen til Skottland.

Dette seier Ole Jarl Madland, distriktssekretær i norsk arbeidsmandforbund.

 

 

Evren Unal, Nestleiar i Kristiansand MDG er ogso skeptisk til å bygge fleire straumkablar

[img231218_3LM]

-Min personlige meining er at eg ikkje vil ha fleire kablar uten å ta forhandsreglar.

Europower oppljos at straumprisen i Sør-Noreg har åtte-dobla seg på eit år. NRK kan ogso melde at Sør-Noreg har no Nord-Europas dyraste straumpris, i april var månadsprisen på 174 øre per kilowatttime

-Eg er for å hjelpe andre utanfor Noreg, men vi kan ikkje helle frå ein tom kopp. Vi må kunne ta vare på oss sjølv før vi tar vare på andre.

-Eg meiner at vi burde behalde dei kablane som er komme, men aktivt jobbe for å ta vare på nordmenn som er utsett som følgje av dette.