Tips oss:
Tips
38 14 51 30
Kontakt
Musikkelevar og danseelevar øvar på eit livlig musikalnummer FOTO: Eirin Aa.Haga
Den 8. februar presenterer Vågsbygd vidaregåande skule årets musikal framført av tredjeklassingar på musikklinja og elevar frå danselinja.
Eirin Aadland Haga
Publisert: 04.02.2013 kl 13:44
Musikalen heiter ”Little Shop of Horrors”, og vil halde på fram til 14.februar. Den er basert på ein komedie/horror film frå 60 talet, som seinare vart ein musikal. Hovudpersonen er ein ulykkeleg blomsterforhandlar som dyrkar fram ei plante, som berre lever på menneskekjøt og menneskeblod. Vi fekk eit kort innblikk i øvinga.
Ballettimen til tredjeklasse er nettopp ferdig. Inn kjem to musikkelevar, og etter kvart er dei fleste musikkelevane på plass i rommet. Musikken kjem på, og øvinga er i gong. Alle elevane dansar saman rundt om i rommet og musikkelevane synger etter musikken.
- Det er kjempe kjekt at vi og får vere med. Sjølv om det vert litt ekstra arbeid er det veldig gøy, seier danseeleven Karen Elise Berglihn (19).
[img80598_2LM]
For musikkelevane er dette ein del av undervisninga, medan danseelevane vel om dei vil vere med sjølv. Likevel er det danselærar Clara Jung som står for koreografi av dei ulike dansenumra til musikalen.
- Vi vil gjerne gje danseelevane anledning til å vere med, sjølv om dei har eigen førestilling til sommaren. Dei kan vere med å trekkje opp nivået på dansinga, så det er kjekt, seier Jung.
Det ser ut til at det vert ein musikal der ein kan både le og skjelve. Elevane håpar på å sjå flest mogleg fylle salen på fredag.