Sørnett

- Det blæs vekkingsvind over bedehuset

Leif Solheim, Arne Gundersen og Sverre Leif Lien har haldt vekkingsmøter på Frikstad bedehus fem helger på rad. Dei opplever at dei står i ei vekking, og seier at det veldig spesielt å få oppleve i 2018. (Foto: Karl Almedal)

Leif Solheim, Arne Gundersen og Sverre Leif Lien har haldt vekkingsmøter på Frikstad bedehus fem helger på rad. Dei opplever at dei står i ei vekking, og seier at det veldig spesielt å få oppleve i 2018. (Foto: Karl Almedal)

På Frikstad bedehus utanfor Kristiansand har sju personar blitt frelst i løpet av nokre veker. Forsamlinga trur at dette er starten på ei vekking, og denne veka vert den sjette helga med vekkingsmøter.

Publisert:

- Jesus kjem snart. Korleis står det til med deg? Korleis er det i ditt liv? Er du blant skaren som skal rykke heim i sky?

Det er søndagskveld på Frikstad bedehus, cirka 10 km aust for Kristiansand. Her har tre eldre forkynnarar haldt vekkingsmøter i fem helger på rad. Leif Solheim, Arne Gundersen og Sverre Leif Lien er tre lokale misjonsveteranar som har reist rundt i store delar av landet og stått i vekking. No har dei ved ei tilfeldigheit hamna i det dei sjølv kallar ei vekking, og dei opplever at det er eit stort behov for denne typen møter.

Også i kveld har mykje folk møtt opp for å oppleve klassisk vekkingsmøte i 2018. Parkeringsplassen vert raskt fylt opp, og det står bilar parkert langt ned i vegen frå bedehuset. Folk kjem ikkje berre frå bygda, men frå forsamlingar i Kristiansand og andre delar av Sørlandet. Allereie ein halvtime før møtet begynner har salen begynt å fylle seg opp, og når møtet startar er bedehuset fullt. Vona er at i kveld skal bli kvelden der vekkingsgnisten som er tend på Frikstad bedehus skal bli til ein vekkingseld, og at folk skal strøyme fram til plattforma for å ta i mot frelse.

Solheim: - Dette er ikkje kvardagskost.

I følgje forkynnarane Leif Solheim, Arne Gundersen og Sverre Leif Lien er dette uvanleg. Det er ikkje lenger slik at vekkingsforkynnarane møter fulle bedehus, og spesielt ikkje at folk vert frelst.

- Dette er ikkje kvardagskost. Før var det det, viss du går tilbake førti år så var dette vanleg. Då var det heile distrikt som sto i brann. Det er tretti år sidan sist det var vekking på Frikstad bedehus, men dei som var unge då er vaksne i dag, fortel Leif Solheim.

Ein ting som dei synest er ekstra kjekt er at det også har begynt å kome ein del ungdomar på møta. Både lokale ungdomar, og studentar frå byen.

- Det tok litt tid før dei kom i gang. Vi er vel ikkje heilt rette ”stylen”, seier Arne Gundersen med eit smil.

- Unge i dag har aldri opplevd vekking.

Sjølv for erfarne forkynnarar er det spanande å oppleve vekking, og ikkje minst å vere forkynnarane som står i den. Dei er opne om at det er både eit alvor og eit ansvar, men også ei spaning og ei forventing i å stå i ei vekking.

- Du tenkjer på Frikstad bedehus frå du slår opp auga på morgonen til du legg deg på kvelden. Du gjeng i spaning og i bøn til Gud om at det må skje noko, fortel Sverre Leif Lien.

Dei fryktar at ingen skal fortsette tradisjonen med vekkingsmøter, og at moderne tankar om forsamlingsbygging skal ta over.

- Eg trur at det har noko med at dei som er unge i dag aldri har opplevd dette. Det som har med vekking å gjere er heilt framand for mange unge i dag, fordi det er så mange år sidan det har vore. Eg trur det kan vere mykje bra i forsamlingane, men det er fare for at denne vekkingslinja forsvinn ut, fordi det er ingen som veit korleis den verkar. Det trur eg er tilfelle mange plassar, hevdar Lien.

- DETTE ER SÅ SPANANDE AT DET ER HEILT PÅ GRENSA FOR EIN GAMAL MANN.

- Olja har ikkje vore til velsigning

Forkynnarane er ikkje unge lenger, og songane dei spelar er gamle. Møteforma er open, og det er tilsynelatande lite som er planlagt. Forkynninga er utfordrande og personleg. Det er ikkje noko herlegdomsevangelium forkynnarane formidlar. Dei lovar ingen rikdom, god helse eller andre typar velsigning. Dei er samfunnskritiske, men ikkje politiske. Det handlar ikkje berre om å redde menneske frå evig fortaping, men også å redde nasjonen. Dei er kritiske til verdsleg ungdomskultur, dagens TV-program og aksept for alkohol og skilsmisse i forsamlingane. Trass i den utfordrande forkynninga kjem både unge og gamle på bedehuset, og fleire av dei som har blitt frelst er unge. Leif Solheim seier at Noreg har forandra seg mykje sidan vekkingsrørsla hadde si stordomstid.

- Personleg trur eg det handlar mykje om likninga i Matteus 13 om såmannen. Vi i Noreg har god jord, men det har vakse opp tornar og tistlar som kveler slik at det ikkje veks frukt. Jesus kallar dette verda si bekymring og rikdomen si forføring. Det trur eg vi har opplevd i vårt land. At olja kom i 70-åra har ikkje vore til velsigning. Misjonsbudsjetta har gått ned, og misjonsengasjementet har gått ned.

[img183040_2RF]

Forsamlingsleiar: - Kan knapt hugse så mange på bedehuset.

Forsamlinga på Frikstad bedehus har valt å gå i mot straumen, og har satsa ved å bygge nytt lokale. Nye Frikstad bedehus vart bygd på rekordtid i vinter, og forsamlinga investerte 18 millionar kroner i bygget. Frå august i fjor til påske i år var 15-20 personar kvar dag på bedehuset og gjorde dugnad. I følgje forsamlingsleiar Jørgen Tønnesen er nesten alt gjort på dugnad. Han er glad for at dei får sjå resultat av arbeidet allereie.

- Eg kan knapt hugse å ha sett så mange på bedehuset før. Steinar Harila sto i vekking på bedehuset for tretti år sidan, men etter det har det ikkje vore så mange på bedehuset. Ein av ungdomane sa at no får vi lønn for alle dugnadstimane vi har jobba i vinter.

- Frikstad bedehus er ei heilt spesiell forsamling.

Ei tilfeldig vekking

Jørgen Tønnesen fortel at det var tilfeldig at møta i det heile tatt begynte. I forkant av eit søndagsmøte i august måtte forkynnaren som eigentleg skulle tale melde avbod. Difor tok forsamlinga kontakt med Solheim, Gundersen og Lien, som takka ja med ein gang, og spurde om ikkje dei kunne halde møte heile helga.

Etter det har det berre kome meir og meir folk, og eit søndagsmøte har blitt til fem møtehelger.

- I byrjinga kjente vi at det var sånn dragning i lufta. Møta var heilt spesielle og levde sine eige liv. Når møta var slutt så ville ikkje folk gå heim, og vi merka at det var ei naud i flokken. Det er ein lengsel etter denne typen forkynning. Det er ein lengsel etter evangeliske møter, fortel Jørgen Tønnesen.

[img183040_3LF]

2 frelst i løpet av helga.

På slutten av vekkingsmøtet denne kvelden så er det mange som kjem fram når forkynnarane spelar ein song til innbydelse, men det viser seg at det var ingen av dei som kom fram for å bli frelst. Likevel var forkynnarane så fornøgde med helga at dei har valt å halde møter ei helg til. Dei er klare på at det allereie har skjedd store ting på bedehuset, og at det er lenge sidan dei har opplevd så god respons på møter. Likevel så har dei vona om at neste helg skal det kome enda fleire, og at enda fleire skal bli frelst.

 

 

 

Kva tenkjer dei andre forsamlingane i Kristiansand om vekking? Vi har snakka med Frikirke-pastor og fellesmøte-leiar, Rune Tobiassen, som meinar at det skjer ei "stille vekking" i Kristiansand som få veit om. Trykk på bilete eller teksta for å lese saka.