Sørnett

Ekteskapslova skapar debatt blant folk

Politisk redaktør Vidar Udjus, fortel at debatten kan til tider bli kvass. FOTO: Sigrid Engebakken

Politisk redaktør Vidar Udjus, fortel at debatten kan til tider bli kvass. FOTO: Sigrid Engebakken

Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus merkar ei økt og kvassare debatt sidan den nye ekteskapslova kom i 2008.

Publisert:

Udjus fortel at dei som utmerkar seg er mest i debatten er motstandarane av lova, men det er også innspel frå dei som er for.

- Dei som er for lova, blir ofte provosert over dei som er imot, og dermed kjem dei med innlegg i avisa.

LES OGSÅ: Homodebatten har blitt tøffere etter ny ekteskapslov 

LES OGSÅ:Trår forsiktig, men mer bestemt i homodebatten

- Kven er det som er aktive i debatten?

-Det er enkelmennesket som kjem med innlegg i avisa. Det er ikkje så mange politikarar og byråkratar, men den vanlege mann på gata som deltar. Det har vore mange forskjellige som har deltatt og ein ser berre nokre få som har fleire innlegg over tid.

Udjus seier der var heftig og ganske krass debatt i to periodar.

- Den første kom nokså kort etter at lova tredde i kraft, og den andre kom etter at leiaren i avisa kom med eit innlegg og støtta den nye lova.

Lite sensur

Fædrelandsvennen har trykt nærmast alle lesarinnlegg som har blitt sendt inn til avisa om homodebatten.

-Me har trykt nesten alt, men har i nokon høve finjustert litt på innslaga. Det har me gjort i høver der nokon går veldig krast ut mot enkeltpersonar.

Jan Pedersen (79) frå Søgne har vore aktiv med lesarinnlegg i Fædrelandsvennen. Han engasjerer seg sterkt i debatten og vil kjempe for at ekteskapslova skal bli endra. Pedersen skreiv i 2008 mange lesarinnlegg i avisa og er endå aktiv med innlegg i andre aviser som Norge i dag og Dagen Magazinet.

[img36652_2LM]

Pedersen seier at tilbakemeldingane han har fått personleg, har stort sett vore hyggelege, men han reagerer på tilsvara han fekk i Fædrelandsvennen frå dei som er for lova.

-Mange av tilsvara var svært usaklege, seier ein engasjert Pedersen.

Meir aktive i Bibelbeltet

Vidar Udjus meiner at homodebatten på Sørlandet skil seg frå resten av landet.

- Det eg har lagt merke til i debatten og hjå motstandarane av lova, er at bibelen og den kristne etikken blir lagt stor vekt i argumenta sine. Dette ser eg sjeldan i resten av landet. Der legg dei meir vekt på barnet i familien og eventuelt negative følgjer den kan ha av å ha homofile foreldre og ikkje så mykje den kristne rolla.

Udjus meiner også at ein kan sjå ein skilnad i debatten geografisk sett på Sørlandet. Han seier at aust for Lillesand er dei ikkje så aktive i debatten frå eit kristent syn, enn det er vest for Lillesand.

- Ein kan seie at vest for Lillesand startar det ein kallar bibelbeltet.

Homofile på Sørlandet

Udjus og Fædrelandsvennen har i sine reportasjar og innlegg i homodebatten lagt fokus på korleis det er å vere homofil i Kristiansand og på Sørlandet.

- Me har stort sett laga saker om livet til dei homofile på Sørlandet, og om dei eventuelt opplever diskriminering. Min oppfatning er at dei homofile har det betre no enn før. At mange reiser til større byar er kanskje fordi der har dei eit større miljø enn i ei bygd eller by på Sørlandet.

Fædrelandvennen er for den nye lova og for likskap i samfunnet.

- Me har stor fokus på likeverd. Enten det til dømes gjeld likestilling i heimen, på jobb eller i eit ekteskap.