Sørnett

Folk er ikkje bekymra

Uredd: Karina Smith bekymrar seg ikkje for bivirkningane.

Uredd: Karina Smith bekymrar seg ikkje for bivirkningane.

Folk i Kristiansand er ikkje bekymra for bivirkningar etter svineinfluensavaksina. Dette kan Sørnett slå fast etter eit besøk på vaksinasjonskontoret.

Publisert:

- Eg har ikkje hørt noko spesielt om bivirkningane, men eg veit jo at det er ei viss fare for det ved alle typar vaksiner. Dette er ein risiko eg vel å ta, og personleg er eg ikkje redd for svineinfluensavaksina, seier Karina Smith.

Karina Smith er ei av mange som har tatt turen til vaksinasjonskontoret i dag. Og til tross for mange rykte om blandt anna alvorlege bivirkningar trur ho ikkje denne vaksina er noko å vere meir redd for enn andre vaksiner.

Ho syntes alle burde ta vaksina dersom dei har moglegheit, og har sjølv tatt med seg fleire familiemedlem.

- For min eigen del og for min families del føler eg at dette er det rette å gjere, det er jo viktig å føle seg trygg.

Stor pågang

[img5060_2RS]

På vaksinasjonskontoret merkar dei absolutt ikkje noko bekymring i forhold til bivirkningar, og dei har måtta tilkalle ekstra personell for å kunne vaksinere alle som ynskjer det.

- Det er veldig stor pågang her, det kan komme opp i 100 vaksiner om dagen og me har ikkje hørt om noko alvorlege bivirkningar. Det einaste som kan skje er at ein får litt feber og kanskje litt vondt i armen, som då vil skje i løpet av det første døgnet, forklarar sjukepleiar ved vaksinasjonskontoret, Elin Hope.