Sørnett

- Jobbar heile tida med markedsføringa

Fornøgd: Viserektor for utdanning, Marit Aamodt Nielsen.

Fornøgd: Viserektor for utdanning, Marit Aamodt Nielsen.

Aldri før har det vore så mange studentar ved UiA som det er no. Med 8760 registrerte den 1.oktober vart det ny rekord.

Publisert:

- Det er kjempeflott med fleir studentar, dette likar me, seier viserektor for utdanning Marit Aamodt Nielsen.

Når universitetet vart opna la dei til rette for at det skulle vere moglegheit for å utvide dersom det skulle bli for liten plass. Dersom aukinga fortsetter dei neste åra er dette noko dei vil vurdere.

- Samtidig må me tenke over: kor store vil me eigentleg bli?

Marit trur at grunnen til at det kjem fleire studentar er økt læringsmotivasjon hos folk og at universitetet har attraktive studier.

- Me jobbar også heile tida med å forbetre marknadsføringa, då sender me for eksempel gode studentar ut på messer slik at folk kan få eit innblikk i kva som skjer her. Når studentane har vald oss er me opptatt av å få dei til å føle seg velkommen både fagleg og sosialt.

Nok boligar

Per Kåre Selle, ledar for SiA bolig, har ikkje merka meir trøkk no i år enn tidlegare år, og i vinter skal dei til å bygge fleir boligar som vil vere ferdige hausten 2011 slik at det er rom til alle.

- Det er flott med fleir studentar, og me skal selfølgeleg gjere alt me kan for å sørge for at studentane får seg ein plass og bu, seier han.

Berre positivt

Det er fleir enn UiA og SiA som er fornøgde med at det kjem fleir studentar til byen. Ledar i studentorganisasjonen i Agder, Irene Bredal, meiner dette er veldig positivt for Kristiansand og studentmiljøet her.

- Det er berre positivt at det kjem fleir så lenge universitetet har plass. Fleir studentar treng ikkje bety fleir studentar på 19år som treng bolig, det er og folk i førtiåra som vel å studere, som ofte har sitt eige hus eller eigen leilighet, fortel ho.