Sørnett

Korkje LO eller NAV vil ha endringar på sjukeordninga

Foto: Morten Holm / Scanpix  Lisens: https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0/

Foto: Morten Holm / Scanpix Lisens: https://creativecommons.org/licenses/by-nc-sa/4.0/

Sjefstrateg i SEB Erica Dalstø meiner Noreg bør følgje Sverige med å gje berre 80 prosent lønn under sjukdom og gjeninnføre karenstid, dette seier ho i ein podcast til Nettavisen. LO og NAV ønskjer ikkje endringar i Noregs sjukefråværsordning.

Publisert:

- Det er ein ordning vi har kjempa gjennom, og som gjev tryggleik og inntektssikring for arbeidstakarar, seier Anders Horn frå LO.


Nordmenn har verdas høgaste sjukefråvær, det oppljos SSB og faktisk.no. Samstundes har vi eit av verdas mest rauste sjukeordningar, kor 100 prosent av sjukedagane blir betalt frå dag èin og dette er fram til dag 16, etter det tar staten rekninga. Nyleg sa Erica Dalstø til Nettavisen at vi burde ''sjå til Sverige'' når det gjeld sjukefråvær. I Sverige får du berre 80 prosent lønn når du er sjuk, og du må vere sjuk i meir enn èin samanhengande dag for å få lønn. [faktaboks]

Dette høyres kanskje ikkje ut som ein stor skilnad, men Noreg har 6,75% sjukefråvær, og Sverige har berre 3,8%. I snitt tar også ut svenskane 3 dagar mindre enn oss. Danmark har endå lågere med 3,6%.

Kostnaden på ein nordmanns sjukefråvær ligg på 42,6 milliardar kroner kvart år, og disse pengene blir dekka av skattepengane i statsbudsjettet. Om ein skulle fordelt alle disse milliardane på kvar nordmann hadde det vore 7750 kr.

Sjukefråværet

Sjukefråværet var på sitt høgaste i 2003 på 7,5 prosent, men har vore stabilt sidan 2012. Det er også ein skillnad når det gjeld kjønn, kvinner tar i gjennomsnitt 40 prosent fleire sjukedagar enn menn. Når ein ser kun på kjønn så har menn eit sjukefråvær på rundt 4-5 prosent medan kvinner ligg på rundt 7 prosent. Disse tala kjem frå regjeringen.no

Det er også blitt bevist at sjukefråværet gjeng opp mykje når det er store idrettsarrangementer, som OL. Det er også mange arbeidarar som ser på OL i arbeidstida. Vi er altså ikkje meir sjuke enn våre naboer, vi er berre betre til å utnytte den sjenerøse ordinga som vi har.

Anders Høglund frå NHO, skrivar dette på ein e-post til Sørnett.

- Vi har gjennom IA-avtalen jobba aktivt for å få ned sjukefråværet, og det er innført mange endringar, som arbeidstakers medvirkningsplikt, legens rolle i å vurdere arbeidsevne og arbeidsgivers tilretteleggingsplikt.

- NHO ser det som en styrke at større samfunnsendringar har størst mogleg oppslutning. Heile Arbeidstakersida ynsjker ikkje ein reduksjon i sjukelønnen, forklarar Høglund.

[img231718_2LM]

Kva kan gjerast då?

Ei endring som kunne vore gjort med denne sjukeordinga hadde vore å redusert betalinga den eine sjukedagen til 50 eller 80 prosent. Det er ikkje den store endringa, men det hadde spart mykje penger som heller kunne vore brukt på å hindre fråværet. Eventuelt så kunne den dagen vere ubetalt, men du kan få 80 prosent betaling eller noko om du kan gjere litt arbeid heime.

Ei anna ordning som er litt meir urealistisk er å ha eit visst antal mental-helse dagar kor du kan ta ubetalt fri på dei dagane motivasjonen er på botn. Om kjæresten din har slått opp med deg, eller det har vore dødsfall i familien vil du ikkje få gjort noko arbeid likevel. Det hadde i det mindre normalisert det å ha eit privatliv utanfor jobben.

Ulempar med å redusere

Eit problem som hadde blitt større med å innføre karensdager at hadde vore at folk hadde gått på jobb sjuke. Svenskane gjeng allereie meir på jobb med sjukdom, og dette er noko som nordmenn også gjer, spesielt om vinteren. Både NAV og LO meinar at endringar i ordninga vil føre til at fleire gjeng på jobb sjuke.

Det er også lite vilje blant arbeidstakersida til å gjere store reduksjonar i sjukelønna slik den er idag. NHO seier

- Heile Arbeidstakersiden ønsker ikkje ein reduksjon i sjukelønna. Og Anders Horn, kommunikasjonsrådgiver frå LO kan fastslå det

- LO er tilhengar av full lønn under sjukdom. Det er ein ordning vi har kjempa fram, og som gjev tryggleik og inntektssikring for arbeidstakere. Karensdag eller redusert ytelse dei fyrste dagene vil slå urettferdig ut, og det vil stimulere til «sykenærvær», altså at folk gjeng på jobb sjølv om dei burde halde seg borte.

[img231718_3LM]

Er det eigentleg naudsynt?

Sjølv om Noreg har verdas største arbeidsfråvær så er problemet eigentleg ikkje så stort, vi har masse penger i statskassa, og ofte blir prosjektar dyrare enn fyrst antatt, men vi klarer å dekke disse kostnadane likevel. Det er størst problem på spesifike lokale områder, og på enkelte arbeidsplassar som i austfold og på st.olavs hospital.

NAV skriv også at

- Utviklinga i sjukefråværet i Sverige viste at innføringa av karensdag kun førte til ein kortvarig nedgang i sjukefråværet for deretter å stige igjen. Det er difor lite truleg at det vil ha stor effekt på det samla sjukefråværet i Noreg som i stor grad pregast av langtidsfråvær.


Så kanskje løysninga heller bør vere å gjere endringar lokalt på dei stadene der det trengs, og kanskje då også bruke ressursane på å gjere at folk vil gå på jobben. Ikkje å innføre straff for å ikkje møte opp på jobben

Kanskje også sjukefråværet eigentleg berre er symptom av fleire tiår med oppbygging av den sterke velferdstaten som vi har i dag, og at nokre folk trenger eit pust i bakken av og til.