Sørnett

Av jenter, for jenter

Koser seg på "Jentefokus": Rebekka Barstad t.h, Ingunn Garthus, Synnøve Kirkhusmo, Marita Olsen, Kristine Solheim og Laila Bentsen t.v. FOTO: Eirin Aadland Haga

Koser seg på "Jentefokus": Rebekka Barstad t.h, Ingunn Garthus, Synnøve Kirkhusmo, Marita Olsen, Kristine Solheim og Laila Bentsen t.v. FOTO: Eirin Aadland Haga

Arrangøren Heidi Kvalvik tar fatt på dei siste førebuingane. Kveldens tema er blogg, og lesarane til Kristina Andersen er spente.

Publisert:

Bak i lokalet sitt ein jentegjeng på seks: Rebekka Barstad (20), Ingunn Garthus (20), Synnøve Kirkhusmo (21), Marita Olsen (21), Kristine Solheim (21) og Laila Bentsen (20). Jentene er faste lesarar av bloggen til Andersen, og vart veldig glade for at dei fekk sjansen til å møte toppbloggaren denne kvelden.

-  Vi var veldig spente. Ingen av oss har vore på «Jentefokus» før, så vi visste ikkje heilt kva vi gjekk til, fortel Ingunn Garthus. Dei seier at dette er noko dei godt mogleg kan tenkje seg å fortsetje å gå på.

Dei er ein av dei mange jentegjengane som bestemte seg for å dra saman på dette arrangementet.

Dørene opnar  klokka 18.00. Vi kjem inn i eit mørkt og stort rom med fleire småbord rundt i lokalet. Etter kvart kjem jentene , og fyller opp stolane.

Klokka seks er Kristina Andersen og Kristin Øygard på plass i sofaen.


Berre for jenter

Det var i fjor haust Samsen kulturhus starta opp med dette konseptet, kalla Jentefokus. Nokre måndagar kvar månad er det ulike kurs, foredrag, workshop, diskusjonar og arrangement i kulturhuset. Dette var fyrste måndagen dei hadde eit konkret tema med ein gjestetaler.

-  Vi ville lage noko som berre var for jenter, og ta opp saker som interesserer dei og som dei lurer på.  Når det berre er jenter er dei meir komfortable, og tørr å seie meir, fortel Kvalvik.

”Jentefokus” skal vere eit tilbod for jenter i alle aldrar, og noko alle har råd til å vere med på. Kursa skal derfor ikkje kosta meir enn 50 kroner, fortel Kvalvik.

 

Ingen tema for små

Kalvik fortel at framover vil innhaldet vere veldig variert. Dei vil ta opp ulike tema, både store og små.

-  Vi vil at dei som deltar, skal vere med å prege innhaldet. Jenter i alle aldrar skal vere med å bestemme kva vi skal setje fokuset på. Vi er veldig opptatt av tilbakemeldingar. Det er jenter vi rettar oss inn på, og derfor prøver vi å tenke «kva er typisk jenter».

Neste gong er det duka for foredraget «Latter og Lidelse» av Shabana Rehman. Foredraget handlar om mot, retten og styrken til å ta eigne val. Det tar også fro seg sårbarheit, håp, girlpower og frykt for kva andre meiner.

 

Vellukka kveld

Samtalen såg ut til å flyte fint. Deltakarane hadde full merksemd retta mot scenen, og verka veldig interessert i å høyre kva den kjente bloggaren fortalde. Andersen fortalde korleis det var å leve av blogging og korleis det hadde påverka henne som person og reaksjonar ho har møtt.

-  Eg er veldig stolt av eg gjekk min eigen veg, sjølv om andre syns det var dumt.

Kvelden vart ein suksess, men håpar at det blir fleire jenter som vil vere med framover. Så langt er dette er berre ein smakebit på diverse tema gjennom kurs og foredrag på ein til to timar. Dersom etterspurnaden aukar kan det vere mogleg å utvide tilbodet til fleire kurs over lenger tid, avsluttar Kvalvik.

[nggallery id=372]