Sørnett

Blå lunsj

Blåseensemble frå konservatoriet jazza opp lunsjen. Foto: Melissa Frost

Blåseensemble frå konservatoriet jazza opp lunsjen. Foto: Melissa Frost

Musikkstudentar kan vere lette å få auge på. Onsdag var dei også lette å høyre då dei fylte kantina med blå tonar i lunsjen.

Publisert:

- Det var godt å endeleg flytte. Kantina på konservatoriet er jo ikkje akkurat noko å skryte av, seier vokalisten Sophia Mendoza (23).

Ho går andre året på musikkonservatoriet, som i desse dagar flytter til Sigurd Køhns hus på UiA. Mendoza med band ga sine nye studienaboar ei musikalsk oppleving til den tørre brødskjeva i lunsjen i dag. Det er ikkje kvar dag ein får songen “At last” til kaffekoppen, og det vert nok ikkje siste gong.

- Eg er eigentleg mest glad i soul, blues og gospel, men i dag vart det visst jazzblues, seier Mendoza, som saman med tre andre samspelgrupper lagde scene i lunsjen.

Jazz av eit blåseensemble og afroamrikansk musikk stod på dagens lunsjmeny. Dei tre gruppene går alle andre året ved rytmisk linje på musikkonservatoriet.

Bles i lunsjen

Ei blåserekke til å få bakoversveis av åpnar konserten. Ein kan høyre at dei ikkje har blåst i øvingane, der dei sjølvsikkert tek kantina med storm. Den energiske vokalisen har heldigvis kraftig nok røyst til å skjære gjennom lydteppet. Den rytmiske gjengen ser ut til å fenge både statsvitarar, lærarspirar, historikarar og andre bokormar.

Afroamerikanar under cover

Andre band kjem fram, og ein tilsynelatande nordisk vokalist med tøff sveis tek mikrofonen. Nok ein gong er det lett å bli lurt av innpakninga. Bak ein nordisk fasade skjuler det seg nemlig ei rå stemme, tydeleg inspirert av James Brown. Forbipasserande stoppar opp. Vokalisten og dei dyktige medspelararane har både talentet og utstrålinga i orden.

Musikalsk invasjon

Mendoza og gjengen er siste band ut denne lunsjen. Torsdag kjem det tre nye band, som også vil helse på dei nye medstudentane og gi dei ei god musikkoppleving.

- Vi vil vise kven vi er og kva vi gjer, fortel Mendoza.

Ho er takksam for sin nye heim, og fortel at det gir inspirasjon.

- Det gir ein heilt ny motivasjon fordi vi får eit mykje betre arbeidsmiljø, seier ho.

Ho legg og til at ein lettare får moglegheit til å promotere eigen musikk, noko vi fekk ein smakebit på til lunsj i dag.

[slideshow id=131]