Sørnett

Bli meir handy på Om igjen

Ein knagg som skal hengast opp er Ane Næss Jerstad (33) og Irene Myran (62) si første oppgåve på handykurs på Om igjen. (Foto: Helene Reite)

Ein knagg som skal hengast opp er Ane Næss Jerstad (33) og Irene Myran (62) si første oppgåve på handykurs på Om igjen. (Foto: Helene Reite)

Folk kan ikkje fordi dei ikkje tør, hevdar Trond Henning Monan (34). I haust held han handykurs på Om igjen for folk som vil treffe spikaren på hovudet.

Publisert:

- Mange knaggar vert liggande i skuffer år etter år fordi folk vert stoppa av ein gipsvegg, seier Trond Henning Monan.

Til vanleg jobbar han med kulisser og rekvisittar på Kilden, men no skal han kurse sørlendingar i drilling, hamring, boring og snekring.

[imagebrowser id=224]

Gjer det sjølv

Det luktar kaffi på Om igjen i Kristian IV gate. Sju kursdeltakarar sit klare med kvar sin blå kopp. Skruar, hammar, plankar, knaggar og drillar ligg strødd utover bordet. No skal dei lære kva som er kva.

- Eg har hjelpt folk mykje opp gjennom tida, og det er skremmande kor lite folk kan. Eg trur grunnen er at dei ikkje tør, seier Monan.

Dette er kvelden for å ta det første steget. Han peikar opp mot taket.

- Det er lov å henge opp lampar i taket. Du må berre vite korleis, seier kurshaldaren.

I dag skal ikkje drillen ligge stille og knaggane skal opp av skuffa.

- Kva har de lyst til å lære, spør han deltakarane.

Fem damer og to menn har teke turen til Om igjen denne mandagen. Ein etter ein fortel lattermildt om biletet som aldri vart hengt opp, eller hylla som aldri vart reparert.

- Med eit slikt kurs vil vi rett og slett gjere kvardagen enklare for folk, slik at dei slepp å alltid måtte spørje andre om hjelp, fortel handymannen.

[img46566_2RM]

Møtt av gipsveggen

- Eg vart interessert då eg såg at det stod noko om gipsveggar, seier Anita Haukvik (45).

Sjølv om det enno er tidleg i kurset har Haukvik lært mykje nyttig.

- Det er bra med litt oversikt over kva dei forskjellige verktøya brukast til. Det beste hittil var at han viste korleis du løsnar skruane i borren på ein enklare måte, seier Haukvik.

Det ser så lett ut når Monan illustrerer korleis ein festar ein knagg. Han deler ut plankar og knaggar. No skal kunnskapen setjast i verk.

- Det er viktig å bruke overarmane og halde instrumentet godt inntil kroppen. Då vert det stødigare, forklarar han.

Alle er godt i gang med dei praktiske øvingane.

Høg terskel

- Å gjere det sjølv er framandt for folk. Vi leiger folk til å gjere det for oss, eller kjøper ferdig monterte ting, seier Jorann Abusland (34).

Ho driv Om igjen, og er ein av initiativtakarane til kurset.

- Det er mange som kunne trengt dette kurset, men det kan vere vanskeleg å ta steget. Mange er flaue over kor dårlege dei er på praktiske ting, seier Abusland.

Men ein kan kome langt ved å vere litt handy ifølgje 34-åringen.

- Du slepp å vente på at andre skal gjere det for deg, og du slepp å ta den kjipe telefonsamtalen for å be om hjelp, seier ho.

Sjølv har ho alltid vore handy, og eit slikt kurs er ikkje naudsynt for Abusland. Ho lagar heller pai og kokar kaffi til kursdeltakarane.

[img46566_3RM]

Drillpiken

- Eg elskar verktøy og syns det er veldig kjekt å finne ut korleis ting fungerer, seier Abusland og plukkar opp ein drill.

-  Dette var den første drillen eg fekk, seier ho stolt, og viser fram ein drill som heng saman ved hjelp av gaffateip.

Det 15 år gamle verktøyet symboliserer ein av hennar største lidenskapar. No håpar ho også andre skal finne drillgleda.

- Det er viktig å kome over terskelen, og eg trur det er like mange menn som kvinner som har desse sperringane, avsluttar ho.