Sørnett

Dyrkar lidenskapen i hagen

Norvald Nilsen (68) og kona Inger Garlie (60) dyrker lidenskapen i hagen. Foto: Helene Reite

Norvald Nilsen (68) og kona Inger Garlie (60) dyrker lidenskapen i hagen. Foto: Helene Reite

Nedst i Kongsgård Allè ligg 109 fargerike hageflekkar tett i tett. Her dyrker hageentusiastar lidenskap og plantar.

Publisert:

- Hagane er ein fristad for folk. Det er god mosjon, og det er kjekt å ha noko å pusle med, seier styreleiar for Kongsgård kolonihagar, Norvald Nilsen.

Små hytter ligg tett i tett, omkransa av smale grusstiar. Velstelte hagar så langt auget kan sjå vitnar om at dette er ein koloni for folk med grøne fingrar, og som ikkje er redde for mold under neglene. Den hundre år gamle kolonihagen består av 109 parsellar. Inne i dei små hyttene på 15 kvadratmeter er det akkurat plass til det viktigaste. Tidlegare bidrog kolonihagane til betre økonomi, helse og matauke for sørlendigane. I dag har det vorte ein stad for rekreasjon og fysisk aktivitet.

- Det er no blitt ein hobby for folk. Det vert mest blomster, busker, bær og slikt det går i, seier styreleiaren.

Sidan 1979 har Håkon Vestøl fått buskar og bær til å vokse i parsellen sin på Kongsgård.

- Det er alltid noko å gjere, men eg tenkjer aldri på dette som ein jobb. Parsellen gir meg overskudd, seier Håkon Vestøl.

Vestøl synes det er mange gode ting ved det å ha parsell.

- Ein kjem seg uti frisk luft og får bevegd seg, avsluttar Vestøl.

Sjå bilete av dei frodige kolonihagane her:

[imagebrowser id=199]