Sørnett

Ein smak av festivalsommar

Hiphoparen Salvador Sanchez opna festkvelden. Foto: Helene Reite

Hiphoparen Salvador Sanchez opna festkvelden. Foto: Helene Reite

Natt til 17. mai arrangerte Hovefestivalen slippfest på Kick. Hiphop-artistane Salvador Sanchez og Vågsbygd Handy var med å skape festivalstemning denne maikvelden.

Publisert:

- Vi vil at folk skal få ein liten forsmak på Hovefestivalen, og oppleve ein liten bit av den stemninga det kjem til å vere der, seier Liv Johansen, prosjektleiar for Hovefestivalen.

Smaksprøve

Dette er den femte slippfesten Johansen har ansvaret for i år. Ho er godt nøgd med festen natt til nasjonaldagen.

- Det var bra oppmøte og god stemning, men festen er på langt nær over enno. Det er jo tross alt 16. mai, seier festivalmedarbeidaren.

Kvelden vart åpna med den norske hiphop-artisten Salvador Sanchez, etterfølgd av gruppa Vågsbygd Handy. Desse skal også opptre på Hovefestivalen, som går av stabelen 28. Juni på Tromøya.

[img41500_2LM]

- Eg likte best Vågsbygd Handy. Kristiansandshiphop er verkeleg "top notch", seier Roar Farstad.

Kameraten Andreas Frigstad nikkar enig. Dei angrar ikkje på at dei tok turen denne kvelden, og reknar med å reise på Hove i år.

- Det eg gledar meg mest til er å høyre Deadmau5, sier Frigstad.

Femårsjubileum

Dette er femte året festivalen vert arrangert, og Johansen har vore med heilt sidan det starta i 2007.

- Vi er godt nøgde med salget av festivalpass år, og ligg faktisk betre an enn i fjor, seier Johansen.

Alle headlinarane er på plass, men ho vil enno ikkje røpe kven dei fire resterande er.

- Brosjyren gjekk i trykken i dag, så svaret er rett rundt hjørnet, avsluttar prosjektleiaren.

Sjå bileter frå festen her:

[imagebrowser id=201]