Sørnett

Eit lite stykke Europa

Har du sansen for god mat, nye intrykk og store smil? Då kan du trygt legge turen innom den internasjonale marknaden på Nedre Torv i helga. Her ligg dei gode produktene på rekkje og rad og du blir tatt i mot som ein æresgjest.

Publisert:

Internasjonalt M NY.Still001 Nedre Torv har for ei kort stund blitt ein sydande marknadsplass. Alt etter kva retning du peiker nasen, vil du kjenne dufta av herleg spansk paella, franske crepes, krydra pølser og rista mandlar. Seljarar frå heile Europa byr fram til sundag på gourmetmat og produkt laga frå deira heimland. Dei fleste produkta kjem frå små føretak, familiebedrifter og små gardsbruk som tar i bruk tradisjonelle metodar.


Julegåver 


I tillegg til all maten, kan ein handle fargerike keramikkprodukt og transylvansk glas. Er du interessert i kler, smykkar, klokker og vesker, er moglegheita til stades for og gjere nokre gode kupp her. Er du av typen som likar å få ting gjort, kan ein starte julehandelen her i år. Marseille såpe til bestemor, spekepølse til far, keramikk til mor eller kanskje ei kaldpressa olivenolje frå Italia kan vere tingen? Tar ein seg tid, vil ein finne noko for ein kvar!


[youtube]http://www.youtube.com/watch?v=KeR-Wu0gVcU[/youtube]


Rause med smaksprøvar 


Flagga som vaier over bodene seier kvar dei forskjellige seljarane og produkta kjem frå. Fleire av seljarane har også kledd seg i tradisjonelle klede. Her kan ein rusle rundt og berre suge til seg inntrykka eller gjere helgehandelen litt meir spennande. Seljarane er rause med smakeprøvar, og deler gladeleg av sin kunnskap om produkta, men ein opplever likevel ikkje kjøpepress. Deira gode humør smittar og sjølv i øsande regn, blir det ein triveleg handel.


Heimlengsel


Viorica Marticiuc fekk heimlengsel då ho la handelen til marknaden.


-Den første tanken eg fekk då eg kom ned her, var at det minner om Sør-Europa og ikkje så reint lite om marknadstradisjonen eg er vand med frå mitt heimland, Moldova. Det er vanlegare på kontinentet å ha slike marknadar, spesielt i helgene. Det handlar like mykje om det sosiale som om varene. Spesielt for eldre og einslege er det ein fantastisk stad å slå av ein prat om det ein er interessert i, om det er blomar eller matvarer.


Viorica prøver ut sju sorter spekepølser frå ein munter nederlendar og ender opp med å kjøpe seks.


- Det er ein kjempefin marknad. Eg skulle ønske det blei ein tradisjon kvar haust, eller enda betre, heile året rundt!