Sørnett

Gjenbrukstrend i Kristiansand

Grethe Korsvik og Anne-Marie Holme på NMS Gjenbruk Kristiansand. Foto: Helene Reite

Grethe Korsvik og Anne-Marie Holme på NMS Gjenbruk Kristiansand. Foto: Helene Reite

Leiarane for dei ulike bruktbutikkane i Kristiansand merkar større pågang enn før. Dei trur det handlar om ein større bevissthet rundt både moter og miljøvern.

Publisert:

Gunhild Viste er dagleg leiar for Misjonssentralen gjenbruk i Voiebyen. Ho merkar godt at det er fleire kundar innom enn før. Viste har sett ein jamn auke i omsetning dei 3 åra dei har vore der.

- Frå 2009 til 2010 auka vi omsetninga frå 2, 5 til 2, 7 millionar kroner, seier Viste.

[img29717_2RM]

 Lopper til folket

Pågangen er også stor på Shalam brukthandel, ifølgje Bjørnar Syvertsen, som er ansvarleg for den daglige drifta.

- Det er heilt klart fleire kundar innom enn før, men eg vil ikkje gå ut med konkrete tal, seier Syvertsen. Han merkar også at det kjem inn fleire varer enn tidlegare.

På Fretex får dei inn fleire varer enn dei har plass til, fortel daglig leiar, Therese Magnus. Ofte må dei sende varene vidare til andre Fretexbutikkar i Noreg.

Det norske misjonsselskap har gjenbruksbutikkar i Kristiansand og Lillesand. Inger Brit Vollan er dagleg leiar i Lillesand, og ho fortel at det også her er stadig fleire innom.

- Vi trudde vi skulle merke forskjell etter at IKEA kom, men salstala har derimot auka frå 2009 til 2010, seier Vollan.

NMS gjenbruk i Kristiansand har holdt til i Tollbodgata i snart 8 år.

[img29717_3RM]

- Vi har ei jamn auke i omsetning for kvart år, men kanskje spesielt dei to siste åra, seier Anne-Marie Holme, som jobbar frivillig i butikken. 

Brukt er bra

Gunhild Viste frå Misjonssentralen merkar at det er ein yngre kundeskare no enn tidlegare, og trur gjenbruk er på veg opp og fram.

- Mange er på jakt etter gamle møblar dei kan pusse opp og stoff dei kan sy om til noko nytt, seier Viste.

NMS gjenbruk i Lillesand og Kristiansand merker og den same utviklinga. – Dei unge er på jakt etter det unike som ikkje så mange andre  har, seier Vollan.

- Det folk er mest interessert i er servise som ikkje lenger er i salg, som til dømes Fiddjo og Egersundservise. Elles er det mykje bøker, møblar og sølvbestikk, seier Holme.

På skattejakt

Jorunn Jakobsen er ofte innom NMS Gjenbruk i Gyldenløves gate.

- Det er spennande å finne gamle ting. Dessutan har gamle ting meir kvalitet, seier Jakobsen.

- Ofte finn eg fine ting til ein billig penge. Viss eg kan betale 40 kroner for ei bukse som hadde kosta 600 kroner i butikken, kjøper eg heller brukt, seier ho.

Jakobsen har også oppdaga ein gjenvinningsstasjon på Mjåvann, der folk kan sette frå seg ting dei ikkje brukar lenger. Her finn ho ofte skattar. Snart skal det også åpnast noko tilsvarande i sørlandsparken, i følgje Jakobsen. 

- Eg syns det generelle forbruket i vårt samfunn er for stort, så det er også difor eg kjøper brukt. Det er også betre for miljøet, avsluttar Jakobsen.

Miljøvennlig mote

- Folk blir vel bitt av basillen, seier Holme, når Sørnett spør henne kva ho trur er grunnen til gjenbrukstrenden. Ho fortel at ho treffer mange samlarar på butikken.

Gunhild Viste på misjonssentralen trur gjenbrukstrenden vil auke i åra framover.

- Folk har vorte meir opptekne av miljø enn tidlegare, og bevisstheten rundt dette trur eg er svært smittande, seier ho.

- I tillegg går jo pengane til ei god sak, avsluttar Viste.

[img29717_4RM]

- Eg trur det å handle brukt har blitt meir akseptert og meir vanleg for folk flest, seier Syvertsen på Shalam.  Han legg og til at det er mange samlarar innom butikken. Desse handlar meir ut frå nostalgi og er på jakt etter det særegne.

Bomullsboikott

Therese Magnus på Fretex trur at større kunnskap om bomullsproduksjon er noko av grunnen til gjenbruksinteressen.

- Fleire veit meir om klesindustri og bomullsproduksjon. Denne industrien krever enorme mengder kjemikalar og vatn. Kjemikalane er svært skadelege for miljøet, og vatn er ei mangelvare. Det å kjøpe brukt framfor nytt er difor ei miljøbevisst handling, seier Therese Magnus.